Om å finne sin plass – ArtScene Trondheim


Om å finne sin plass

Kritikk, 04.10.2016

Trøndelagsutstillinga feirar _DSC095240-årsjubileum og årets variant er todelt med ei jubileumsutstilling og ei juryert hovudutstilling, fordelt høvesvis mellom Trøndelag Senter for Samtidskunst og Galleri KiT. Dette medførte naturleg nok til to opningar med dobbelt så mange talar og godord; med over 200 besøkande var det ingen tvil om at dette var ei feiring.

Sjølv gjekk eg litt for tidleg frå den fyrste opninga på TSSK og vart møtt av ei låst dør på Galleri KiT, i industribygget i Innherredsveien. Eg vart ståande å vente, medan fleire og fleire av publikum dukka opp og vart møtt av den same låste døra. Fyrste reaksjon var ei lettare forvirring: ”Har me gått feil? Er dette rett dør?” Tilsynelatande ikkje medvitent frå arrangørane si side, skapa det likevel ein heller interessant situasjon på trappa. For då forvirringa hadde lagt seg byrja folk å snakke saman, om utstillinga og alt og ingenting. Stemninga steig og når dørene opna kort tid etter var det litt som sleppe inn på ein konsert.

Jubileumsutstillinga i TSSK sine lokalar har fått namnet Fortid møter Samtid. I liksskap med 20-årsjubileet har det her blitt valt ut ulike verk eller kunstnarar som tidlegare har deltatt på Trøndelagsutstillinga, men til forskjell har dei i år invitert inn seks yngre kunstnarar til å lage verk som går i dialog eller kommentarar dei historiske verka. Eit interessant kuratorisk grep, som konstruerer moglegheita for nokre gode møter mellom ulike kunstnarskap og forskjellige tidspunkt i frå den 40 år lange historia. I staden for å berre kikke bakover, blir utstillinga re-aktualisert.

Det fyrste som møter meg er den _DSC0908store installasjonen Born To Be Free av Monika Mørck – kvite silketekstilar knyta saman med grove tau, spent opp ved hjelp av jernringar og fire pallar som ligg på golvet. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis Mørck har gått i dialog med Elisabeth Harr sin The Final Touch frå 1994; som òg er laga av silke, brodert med grove mørke sting. Harr – som for tida er aktuell med soloutstilling på Kunsthall Oslo – har brukt mykje av kunstnarskapet sitt til å kjempa for at tekstilkunsten skal bli sett på som eit likeverdig, kunstnarisk uttrykk – og samtidig kvinner si rett til likeverd. Spørsmåla blir stilla på nytt gjennom Mørck sin installasjon. Verket kan gi assosiasjonar til ein kropp som både heng komfortabelt og elegant, men samtidig er spent opp og dradd i ulike retningar. Handverket ligg i dei mange knutane laga av det røffe reipet og påpeiker at alt handtverk treng ikkje vere sart og pynteleg.

_DSC0940Eg blir fort nysgjerrig på Anders S. Solbergs Double Double (Refleksive Beta) som heng i det bakarste rommet; eit slags sjølvlysande abstrakt måleri, som viser seg å vere ein videoanimasjon prosjektert på lerret, og endrar motiv sakte, men sikkert. I eit hjørna står audmjukt verkets samtalepartner; 35 Prints av Ane Mette Hol. Ein handlaga pappboks full av kopiark med feilmeldingar frå ein prentar. Saman diskuterer dei godt spørsmål kring kopi og original, handtverk og masseproduksjon, og kunst og verdi.

På veg ut ser eg installasjonane til Talleiv Taro Manum og Sissel M. Bergh, her samtalar verka med personlige, iscenesatte fotografi og treskjeringar. Ei påminning om korleis kultur er noko som konstruerast i overføringa mellom generasjonar. I midten av rommet passerer eg dei materialutforskande skulpturane til Gerald Siler og Tore Reisch; hard stein versus mjukt tre. Mot den eine veggen finn eg ein anna skulptur; denne av Øyvind Sørfjordmo – ein slags geometrisk, men likevel grov, bauta av funnen metall – laga som kommentar til eit av Lars Tillers abstrakte måleri. På motsett side heng måleria til Marius Amdam og Kjell Erik Killi Olsen, som gjennom konstruerte narrativ om barndom og oppvekst, diskuterer måleriet sine grenser og moglegheiter.

I kjellaren på TSSK finn eg ein godt gøymd skatt, og det einaste verket i dette bygget som eigentleg tilhøyrar den juryerte utstillinga på Galleri KiT: Moderne Ruiner: Imperator av Astrid Findreng, Grethe Britt Fredriksen og Elisabeth Engen. Eg unngår ofte å sjå filmar med 3D-effekt på kino, men dette verket lukkast i å framstille ein verkeleg vakker 3D-film som inviterer til ei visuell, nesten taktil, reise gjennom den no rivne fabrikken Bergs Maskin på Lilleby, på austsida av byen.

_DSC0832Borte på Galleri KiT finn eg meg sjølv gå rundt litt utan mål og meining og kikkar vilkårleg på det som tilfeldigvis er føre meg. Det er nok å ta av – 36 verk av 24 ulike kunstnarar – og eg tar meg sjølv i å tenke at Galleri KiT kjennes litt som ein labyrint. Eg blir ståande føre verket Kiss av Hedda Hørran – to penisar som er retta mot kvarandre teikna på rosa duk – og minner meg sjølv på utfordringane knytt til eit slik utstillingsformat. Historia til Trøndelagsutstillinga har ikkje berre vore ei dans på roser: Med fri rett til innsending, både amatørar og profesjonelle, unge og etablerte, og utan noko tematisk eller kuratorisk grunnidé har utstillinga vore kritisert for å framstå som middelmåtig – hummar og kanari – ein grå graut kokt på både/og.

I katalogen som er produsert til jubileet påpeiker kunsthistorikaren Øivind Storm Bjerke at det av reint praktiske årsakar er det ikkje alltid rom for dei store installasjonane, og årets utstilling er heller inga unntak. Forutan The Gleam, kor Ane Vik Eines har brukt sine eigne hender til å strikke saman gullstrimler, Lommedrakten av Eva Margrethe Ballo og Allting har en tyngd av Petra Dalström – som høvesvis gjekk av med debutant –og kritikarprisen – samt den vesle Dansende Lilje av Iben Isabell Krogsgaard er det få produksjonar som tek det store steget ut frå veggen.

_DSC0837Eit anna poeng som Bjerke understrekar er at slike landsdelsutstillingar ofte oppleves som ein uinteressant stad for etablerte kunstnarar; verka framstår som kontekstlause og faren for at dei fell utan passande partnarar er tilstade. Det treng nødvendigvis ikkje å vere eit problem. For Trøndelagsutstillinga har økt søkarmassen dei siste åra. Og med erfaring frå årets utstilling, kan det sjå ut som den utviklar seg til ein stad der yngre og meir uetablerte kunstnarar får høve til å vise kva dei jobbar med. Eg finn meg sjølv ståande og bruke lang tid på å betrakte Skogen så på meg like mye som jeg så på den av Tine Charlotte Skaanes. Verket består av fleire små fotografi frå naturen akkompagnert av korte tekstar, og kan lesast i lag med ei bølgje yngre kunstnarar som med den anthropocene tidsalder som bakteppe har byrja å omhandle natur gjennom kunst. Valet av utstillingslokalet kan verke å vere eit frieri til dei snart nyutdanna studentane ved Kunstakademiet, og det er her utstillinga finn att sin plass i eit fagfelt som elles dominerast av sterk konkurranse og profesjonalisering.

Trøndelagsutstillinga er ikkje ei utstilling som viser fagleg styrke gjennom finurleg og eksperimenterande kuratorisk nyvinning. Det er andre premissar og andre mekanismar som gjer den viktig for ei kunstscene. Med ein etterkvart demonstrativ sjølvsagtheit famnar den fleire divergerande uttrykk der feltet til vanleg består av barrierar. Det er ikkje å stikke under stol at dette gir den ein funksjon som få andre utstillingskonsept i regionen har. Samtidig – og kanskje difor – er den òg ei av dei mest besøkte utstillingane til TSSK, og utgjer ein viktig formidlingsarena av samtidskunst, kunstscena i regionen og dei enkelte kunstnarane som får stille ut; styrken ligg i moglegheitene den tilbyr.

Etter 40 år burde me jo òg snart vite kva me går til.

Den 40. Trøndelagsutstillingen står til 9. oktober 2016.
Se flere bilder.