Eig det! – ArtScene Trondheim


Eig det!

Kritikk, 19.02.2019

Etter at dei var ferdige på den svenske kunst- og designhøgskolen Konstfack i 2014, søkte Anna Ihle og Idun Baltzersen om utstillingsplassar i hele Noreg, kor alle vart innvilga. Resultatet vart at dei to har nærast turnert den norske kunstscena dei siste åra. Mellom anna har dei begge hatt utstilling på Babel visningsrom for kunst, høvesvis i 2015 og 2016, og er no å sjå på Trøndelag senter for samtidskunst med utstillinga Mathias.

Det fyrste ein ser når ein kjem inn er ein stor treskulptur liggande på ei scene. Skulpturen minne om restane etter ein gigantisk slange som har skifta ham, men det er eigenleg ein oppskalert versjon av biteskinna til Anna Ihle. ”Grinding on stage”, står det forklarande i verkslista. ”Grinding” betyr å skjære tenner, men òg å danse, riste på rumpa og gni seg opp etter nokon.

Idun Baltzersen, Selvportrett som stor hund, Fra Mathias, TSSK, F. Susann Jamtøy/TSSK

På kvar si side av biteskinna i utstillingsrommet heng to store tekstilverk laga av Idun Baltzersen. Dei viser meir eller mindre abstraherte menneskeskikkelsar, men fleire av dei ser me berre ryggen på –  det er kvinnelege karakterar frå amerikanske high school-filmar attgjeve i det dei snur seg vekk, fortel galleriverten meg. Dei følg i alle fall ikkje med på det som skjer på scena midt i rommet. Dei har vendt seg bort frå publikum og lar seg ikkje påverke av det som går føre seg i visningsrommet. Me får ikkje sjå kva dei held på med, dei held på med si eiga greie.

I portrettserien bakerst i rommet, føregår det ein motsett strategi. Her har Baltzersen laga avbildingar i form av relieff i linoleumsplater, som portretterer fleire kjende mannlege kunstnarar. Heile serien refererer til Picasso sin blå periode eller Yves Kleins patenterte blåfarge, som for ytterlegare å understreke at her har me med det mannlege kunstnargeniet å gjere. Til dømes finn eg alle medlemane i det kjende kunstnarfellesskapet Gruppe 5, men ingen av dei har blitt titulert med meir enn eit nummer frå 1 til 5. Dei andre kunstnarane som blir portrettert har ikkje fått noko etternamn, men blir enkelt nok omtala som Mathias S, G og F, Ivar R eller berre Leo. I to av verka har Baltzersen plassert inn scenar som tilsynelatande er frå sitt eige liv; eitt der ho møter kongen og eitt der ho mottar eit prestisjefylt stipendium.

Baltzersen, Période Bleue, fra Mathias, TSSK F. Susann Jamtøy/TSSK

Til trass for at dei kan kjennast att, er kunstnarane anonymisert og tilsynelatande blitt plassert saman rett og slett berre fordi dei er menn – noko som har blitt gjort med kvinnelege kunstnarar utallege gonger opp gjennom tidene. På ei anna side handlar det kanskje meir om å ta eigarskap. Ved å forme om portretta slik at dei får felles estetiske kvalitetar, blir dei òg høyrande i lag i same visuelle verd. Kunstnarane blir tekne ut av sine forteljingar og inn i Idun si, deira suksess blir Idun sin suksess.

Det er litt paradoksalt at desse to suksessfulle unge kunstnarane tyr til eit slikt grep. Med utstillingsplassar i fleng er dei i seg sjølv prov på at kvinner både får og tar meir plass i dag. Ein skal heller ikkje leite lenge før ein oppdagar at resten av vårens utstillingsprogram på TSSK inneheld nesten berre kvinner, at dei fast tilsette i staben er kvinner, og at i Trondheim er dei fleste kunstinstitusjonane leia av kvinner. Ingen av dei treng eigentleg å låne, eller samanlikne seg med, suksessen til sine mannlege forgjengarar.

Så kva er det som markerar at ein har fått suksess no for tida, uavhengig av kjønn? Er det til dømes når ein museumsdirektør les ein lang og skrytete tale med mange kunsthistoriske referansar på opninga di? I videoverket Kunstneren Elisa Strinna, som jeg bor med, leser en tale i stua vår har Ihle fått ei venninne til å lese opp ein tale på gebrokkent engelsk. Talen er opphavleg skriven av ein kunsthistorikar, og ble framført av direktøren på Stavanger Kunstmuseum under opninga av Ihles utstilling Unhealthy Arrangements & Other Activities i 2018, etter Ihles eigen bestilling. Dermed snur ho opp ned på maktbalansen mellom kunstnar og institusjon, og mellom kunstnar og kunsthistorikar. Ved å gjere seg sjølv til gjenstand for skryt synleggjer ho marknadsføringsspråket i kulturfeltet – eit felt som ofte proklamerer avstand til marknadskreftene.

Sjølv om talen er noko overdriven, er det mangelen på kontekst som gjer det synleg kor absurd glorifiserande og nesten krampaktig sjølvbekreftande slike opningstalar kan vere. Som kunsthistorikar har eg sjølv erfart at korleis ein kan famle etter å finne koplingar som skal gjere utstillingar relevante i fortid og samtid, og verdifulle for samfunnet og for kunsten – helst på ein og same tid. Det gnagande spørsmålet blir kanskje akkurat dét, kven er denne utstillinga viktig for og kvifor?

Svaret finn eg i ein av veggtekstane i utstillinga: ”Hallo, jeg prøver jo å overleve her!”. Det handlar om å finne strategiar for å overleve som kunstnar i ei tid der det er aukande fokus på besøkstall og eigeninntening på heile kulturfeltet. Korleis får ein då merksemda til eit publikum som forventar sensasjon, erklærte kunstnargeni og at kunsten skal vere lett tilgjengeleg? Ihle og Baltzersen svarar sjølvsagt på utfordringa med å med å lage ein relativt fullverdig gift shop, kor ein kan kjøpe bøker og genser med trykk på. Alt i passande blått, for å matche det stilige utstillingsdesignet.

Anna Ihle, Bittskinne (grinding on stage), Fra Mathias, TSSK F. Susann Jamtøy/TSSK

Dei to kunstnarane både problematiserer og responderer på strømmingar i kunstfeltet, og lagar utstilling av det. Strategien er velkjent og velbrukt: Å lage saft av sitronar. Det er usikkert om alt treff like godt, men kunstnarduoen synleggjer sentrale utfordringar ved det å vere kunstnar: Kanskje må ein av og til grinde seg opp etter dei rette folka, slik at andre ser det? Eller tvert om snu seg heilt bort og gjere si greie? Kanskje må ein berre genierklære seg sjølv med ein gong, og skrive seg inn i kunsthistoria på eiga hand? Sjølv om det er nok å gnisse tenner av, strittar ikkje Ihle og Baltzersen i mot, dei sit ikkje på sidelinja og klagar, dei tar ansvar, gjer det til sitt og eig det.

Mathias 
Anna Ihle og Idun Baltzersen 
Trøndelag Senter for Samtidskunst. Utstillingen står til og med 24. februar 2019.