Det retrospektive maleriet – ArtScene Trondheim


Det retrospektive maleriet

Kritikk, 24.01.2017

Det trondhjemske IMG_7585utstillingsåret 2017 startar med tre unge, malande menn; på Trøndelag Senter for Samtidskunst finn me Audun Alvestad med utstillinga Kalde føtter, varme hender og på Galleri Ismene finn me verk av Håvard Homstvedt og Christer Glein. Den sistnemnde viser ei rekke sterkt formalistiske verk. Ved fyrste augnekast vert det tydeleg at kunstnaren har teke inspirasjon frå modernismens mestarar. Til dømes kunne verka Tre tanker (I, II og III), med sin mjuke geometri og nøttebrune tre-rammar, like gjerne vore produsert som ein del av 50-tallets abstrakte kunst.

I fleire av verka ser me det som kan minna om ein klassisk, antikk skulptur. I eit av dei største verka, Enhjørningen, ser me den sittande på huk, men perspektivet vert raskt brote opp av ei rekke organiske fasettar. Samstundes har maleriet fått ein slags ullen tekstur, bygd opp av ein pointillistisk maleteknikk, kor Glein nyttar ein umåteleg mengde små, korte malestrøk.

IMG_7577Modernismens tankegods er klart til stades, men kikkar ein nærare på verket Skjult mønster oppdagar ein at referansane peikar i fleire retningar enn som så. Her dukkar den klassiske skulpturen opp att som ei byste, og på same vis som tidlegare er komposisjonen bygd opp av ulike fasettar, men denne gongen skimtar ein det som liknar eit av romantikkens landskapsmotiv. Referansane går altså ikkje berre til modernismen fedrar, men òg til romantikken og antikken. Slik likestillar Glein fleire, i utgangspunktet, motstridande kunstnariske tradisjonar i eit og same bilete.

Den pointillistiske maleteknikken kjem til sin rett oppe på den vesle hemsen over gallerirommet. Her heng det fire maleri med tittelen Reisen, kor eit anna landskapsmotiv vert repetert i ulike fargepalettar – og gir raskt assosiasjonar til Claude Monet sin ikoniske studie av katedralen i Rouen. Det avgrensa golvarealet gjer det vanskeleg å sjå alle verka på ein gong, og ein endar opp med å blir ståande så nær motivet at det heile går i oppløysning og blir omgjort til fargar og malestrøk.

I eit kunsthistorisk perspektiv er det friande å sjå ein kunstnar som så elegant klarar å leike med mediet si eiga historie. Glein skapar ein slags malerisk historisme som bryt med den linjære forteljinga der modernismen som så overraskande ofte vert presentert som maleriets naturlege endestasjon. Det er dyktig gjort, men likevel sit eg igjen med ein viss frustrasjon: Skal maleriet i staden ende opp i ein runddans med seg sjølv og si eiga historie?

Utstillinga til Alvestad på IMG_7671
TSSK fortel ei anna historie: Her søker kunstnaren å formidle ei (eller fleire) personlege narrativ der det figurative har fått eit slags barnleg fokus. Kunstnaren har òg latt maleriet smitte over på ulike objekt for å utvide maleriets avgrensa to-dimensjonalitet til å bli meir romlege installasjonar. Faren er kanskje at forteljinga går tapt om ein ikkje kjenner til det tilsynelatande rike, men interne referansebiblioteket frå kunstnarens barndom og oppvekst.

Sjølv om det sjeldan er fruktbart å sette to kunstnarskap opp mot kvarandre, er det likevel interessant å sjå korleis kunstnarane til dels representerer to ofte motstridande maleriske tradisjonar; det formale versus det figurative. Samstundes er det freistande å stille spørsmål med kor denne tilsynelatande evigvarande fascinasjonen for maleriet kjem frå? I dag har jo både kunstnarar og publikum eit flust av representasjonsformer å boltre seg i, like fullt verkar det som maleriet er kontinuerleg i ein posisjon der det er på veg tilbake.

Kanskje finn me svaret i fellesnemnaren til dei to utstillarane; begge handsamar maleriet som ei form for minne – enten det er personleg eller kulturelt. Slik påpeiker både Glein og Alvestad at maleriet som medium er i seg sjølv retrospektiv. Kanskje er det ikkje på trass, men på grunn av dagens fleirfasetterte visuelle kultur at maleriet som eigenart finn si styrke. Her betyr ikkje eigenart naudsynleg berre dei ulike verkemidla som maleriet nyttar, men heller den historia som knyt seg til desse verkemidla. Til dømes skil maleriets visualitet seg frå fotografiets då det ikkje i same grad knyt seg til motiv, men samstundes til teknikkar, fargar og materialitet. Maleriet er i den forstand ein heilt unik kulturell artefakt, som kombinerer maksimum visuell kraft med både fysisk og fotografisk mobilitet. Det er nok dette Christer Glein klarar å utnytte meir enn noko anna; å aktivt ta i bruk maleriets historiske visualitet.

Både Audun Alvestad, TSSK og Christer Glein og Håvard Homstvedt, Galleri Ismene åpnet 12. januar 2017. Se dokumentasjon fra hhv Alvestad og Glein og Homstvedt.