Ei tvitydig gåve – ArtScene Trondheim


Ei tvitydig gåve

Kritikk, 21.04.2015

I det vesle utstillingsrommet på Galleri Blunk er det plassert eit bord, med mac, printer og ein symaskin; to stolar på kvar si side av bordet og eit kamera på stativ retta mot den eine. I ein krok ligge det ein haug med tøystykker. På den eine veggen er det hengt opp tre bilete av personar som ved fyrste augnekast ser ut til å ha på seg ulike finlandshetter. Ved inngangen heng det eit skjema der publikum kan melde seg på sjølve performancen. Denne består av ein samtale på femten minuttar; der kunstnaren samtidig og utifrå det deltakaren fortel om seg sjølv lagar eit portrett i form av ei maske i tekstil. Etter samtalen vart deltakaren fotografert med maska på, fotografiet vert printa ut på staden og hengt opp i lag med dei med andre bileta på veggen.

Rommet vert fort fullt IMG_5421opp av publikum og performancen mellom Marte Edvarda Tidslevold og dei ulike deltakarane forsvinn i støyen frå ei mengde andre samtalar som føregår i gallerirommet; det er heller ikkje mange tilskodarar blant publikum, og utanom at kunstnaren og deltakaren sit ved bordet er det forholdsvis lite som skil deira samtale frå dei andre. Difor vert den vesle pausen mellom dialogane, der Tidslevold brukar tid på å dokumentere deltakaren og printe ut dokumentasjonen, viktige for synlegheita av sjølve performancen. Ikkje berre fordi det reint visuelt vert hengt opp eit bevis som eit resultat av dokumentasjonsakta, men fordi desse avbrota er det som skiljer samtalen frå kva som helst anna samtale i rommet.

Når det er min tur til å setje meg ned i lag med kunstnaren vert eg overraska over kor enkle, men effektive verkemidlar som vert brukt: Spørsmål som ”kva gjer deg sint eller irritert?” og ”kva gjer deg glad?” startar dialogen og fører raskt inn på meir intime spørsmål og svar. Plutseleg finn eg meg sjølv sittande å reflektere over personlegdommen min i lag med ei vilt framand kvinne – og konversasjonen opplevast som instinktivt privat, då eg verken føler meg observert av publikum eller på utstilling. I det mine femten minutt er over er òg maska mi ferdig: Mørkeblå med ei rekke sirklar til munn, ein større sirkel med eit slags mønster oppe til høgre og fire raude striper til venstre. Kunstnaren forklarar meg kvifor ho har valt å portrettere meg akkurat slik; der og då er eg fullstendig einig med tolkinga hennar.

IMG_1766I etterkant minner heile seansen meg nærast om gå til ei spåkone som fortel deg det du eigentleg allereie veit, men likevel ynskjer å høyre. Ikkje at det var noko mystisk over konversasjonen, men i liksskap med ei spåkone som spår, gjer Tidslevold det du fortel om til sanningar – og det er her tittelen på performancen gjer seg gjeldande: Tell me your dreams and I will make them come true. Tidslevold spelar på ei heilt elementær kjenning: Me ber alle ei maske, som endrar seg i høve til dei
ulike sosiale og kulturelle settingane me rører oss i. Noko av det performancen visualiserer er korleis desse ulike maskene vert skapt og vidareført ut i dagleglivet. Med dette påpeiker òg Tidslevolds prosjekt dialogens performative kraft: Ved å skape eit fysisk produkt, denne maska med ulike element som symboliserer deg, dine tankar og personlegdomstrekk, vert det du har fortalt gjort om til noko som er verkeleg i verda, og difor sant.

I liksskap med dei andre deltakarane vart eg òg fotografert med maska på, og biletet mitt vert hengt på veggen; ingen kan sjå at det er meg utan å vite korleis maska mi ser ut. Og det er her eit paradoks vert synleg. Maska er som eit janusansikt: i utgangspunktet vart den laga for å skildre meg, men på fotografiet er det den som skjuler identiteten min. Eg er både synleg og usynleg, anonym og identifisert, på ein og same tid. Og den tilsynelatande private samtalen vår har resultert i ei publisering av denne tvitydige skildringa av meg. Denne gåva eg har fått vert med eitt problematisk: Samtidig som eg har fått eit portrett har eg gjeve den same skildringa til kunstnaren – no er det ho, og ikkje eg, som eig denne skildringa av meg.

Marte Edvarda Tidslevold
Tell me your dreams (…)
10. – 12. april, Blunk

Se dokumentasjon fra utstillingen.