Ordsalat frå Forskningsdagene
Kommentar, Benedikte Fiskergaard Ytterli 22.09.2026
Under Forskningsdagene hjå NTNU vart spørsmålet kring kunstnarisk forsking satt på agendaen. I samtalen møttest tre forskarar frå NTNU og ein museumsdirektør med ein NRK-programleiar som losa oss gjennom det heile. Diverre rota panelet seg bort i vage flosklar og omgrepsdebatt, og lukkast dermed ikkje i å meisle ut nokre løysingar for det omstridde feltet.
Rektor ved NTNU, Tor Grande, ønskjer velkomen medan han introduserer NTNU-ambassadør og pianist Anna Ueland som skal spele før og etter samtalen. Ueland påpeiker at ho følar seg nærmare omgrepet «forskar», enn ho gjer «kunstnar». For ho så heng merkelappen «kunstnar» for høgt oppe og har ei anna lading enn ordet forskar. Kanskje har det eit anna etos? Og allereie her vert premissen for den komande timen danna.
I panelet for kvelden møter vi tre akademikarar, som med føtene godt planta innan NTNU-bobla også kan seiast å vere meir forskarar enn kunstnarar. Av dei er Jacob Jessen den einaste som starta si karriere i feltet som utøvande kunstnar, men også han er vorte dradd inn i undervisningsverda, og til slutt sit han no som professor og instituttleiar hjå Kunstakademiet i Trondheim (KiT). Både Anna Ulrikke Andersen, filmskapar og førsteamanuensis ved Institutt for kunst- og medievitenskap hjå NTNU, og Andreas Bergsland, professor i musikkteknologi ved Institutt for musikk også hjå NTNU, har sin start i det akademiske landskapet og har først byrja med utøvande kunst etter at dei undersøkte det som forskingsobjekt.
Siste paneldeltakar er ikkje deltakande i panelet i det heile, nemleg direktør hjå PoMo, Marit Album Kvernmo, som heller skal kome inn med sine kommentarar etter dei tre andre har samtala. Heller ikkje ho har erfaring som utøvande kunstnar, men ho har lang tid som leiar ved NTNU. Arrangementet er jo i regi av PoMo og NTNU, men er det likevel litt påfallande at alle deltakarane berre er frå desse to institusjonane?
Utviklingsarbeid kontra forsking
NRK-programleiar Hans Olav Brenner leiar samtalen. Han er henta inn frå Oslo, og er, som han kommenterer sjølv, noko malplassert her – sjølv om han studerte ved NTNU i si tid. Likevel skal samtalen vise at han er godt førebudd, og han stiller kritiske og relevante spørsmål til deltakarane undervegs. Målet for kvelden bør vere, meiner Brenner, å forklare omgrepet kunstnarisk forsking for dei i salen som ikkje veit så mykje om det, og at dei meir boklærde også skal få noko ut av diskusjonen. Diskusjon blir kanskje ei overdriving her, for paneldeltakarane er stort sett like einige og like vage.
Panelistane vert bedd om å forklare omgrepet og gjerne fortelje kva dei føretrekker av orda kunstnarisk utviklingsarbeid eller kunstnarisk forsking.
Først lanserer Jessen kunstnarisk utviklingsarbeid som eit lovteknisk anerkjent omgrep nasjonalt. På engelsk kallar dei det «artistic research», medan det i Noreg har vore ein debatt, fortel han, om vi skal kalle det utviklingsarbeid eller forsking. Ei gruppe meiner at å kalle det forsking er å gjere ei akademisering av kunsten, men Jessen meiner heller at det er å anerkjenne kunstnariske metodar som godkjende måtar å produsere kunnskap på. Noko absurd avsluttar han kommentaren med å seie at det er mange her i rommet som kan meir enn han om dette feltet, som jo får ein til å undre seg kvifor akkurat han då er valt til å snakke om denne tematikken.
Andersen er einig med Jessen og seier at ein dimensjon forsvinner når vi bruker ordet «utviklingsarbeid». Ordet «forsking» er uansett meir etablert i samfunnet elles, og vil dermed ha moglegheit for å få eit større nedslagsfelt, meiner ho. Bergsland heller også mot forsking framfor utviklingsarbeid, sjølv om han heilt klart ser enkelte aspekt ved arbeidet som vert betre famna i det siste omgrepet, til dømes når ein musikkprofessor brukar fire timar på kontoret til å spele fiolin.
Med dette innrømmer panelistane delvis det dei ikkje seier høgt, at eit kunstnarisk virke ikkje er å rekne som forsking nok for seg sjølv og at forsking ikkje inkluderer det å utøve kunsten dei jobbar med. Kunstutøving og forsking er for dei to åtskilde einingar. Det er slike uorganiserte og vanskelege målbare faktorar som dei forbinder med utviklingsarbeid og ikkje forsking.

Filmfestival eller fagfellar
Hovudspørsmålet for kvelden er «når blir kunst til forsking?», og panelistane har nokre spesifikke dømer på akkurat dette. Andersen fortel at ho har brukt tid på å vurdere om det er noko samanheng mellom sjølve filmskapinga og skrivinga for henne. Ho meiner at for å kunne kalle det forsking må det vere ein kommentar til stades, at det er refleksjonsdelen i prosjektet som gjer det til forsking. Det stemmer at støtteprogramma for kunstnarisk utviklingsarbeid ofte har eit krav om slik refleksjon. Samstundes verkar det som om skrivinga om kunsten får prioritet og slik vert kunst og forsking to åtskilde einingar i Andersens resonnement. Dermed impliserer ho at forskingsbiten ligg i sjølve forklaringa, ikkje i den fristilte filmskapinga.
Brenner spør om ikkje forsking og kunst kan vere ein og same ting. Han trekker fram eit eksempel frå Andersen sin filmkatalog, men Andersen må då forklare at akkurat det prosjektet ikkje var eit forskingsprosjekt. Dette fordi det er produsert utan støtte frå forskingsmidlar og skal vere eit såkalla «reint» kunstprosjekt. Er det altså kor pengane kjem ifrå som gjer noko til forsking eller ikkje?
Andersen trekk i staden fram doktorgradsavhandlinga si innan kunstnarisk utviklingsarbeid, som ho meiner er å rekne som forsking fordi ho utforma prosjektet kring eit forskingsspørsmål. Dimed vert kunstverket laga med omsyn til at det skal belyse og utforske eit gitt tema. Med andre ord, det å kalle noko kunstnarisk forsking endrar inngangen til kunstproduksjonen frå start.
Brenner utfordrar ho igjen. Korleis skil ho dei to frå kvarandre? Andersen svarar at det kanskje er åtskilt i og med avgjersla om ho vel å sende resultatet til ein filmfestival eller til eit fagfellevurdert tidsskrift. Igjen verkar sjølve utøvinga og tekstane ein produserer om kunsten å vere det som skil kunst og forsking frå kvarandre. Det er altså rammeverket rundt kunstverket som gjer det til forsking, ikkje nokon karakteristikk ved verket i seg sjølv.
Meirverdi for samfunnet
Eit anna av kvelden sine spørsmål var korleis kunstnarisk forsking kan utvide våre måtar å undersøke og forstå komplekse spørsmål på. Dette er eit spørsmål som panelet ikkje dekker så godt. I staden er det dedikert taletid til å snakke om korleis kunsten kan tene ei større rolle i samfunnet.
Både Bergsland og Jessen gjev uttrykk for at kunsten sin meirverdi for samfunnet er minst like viktig som hans eigenverdi og autonomi. Jessen påpeiker at vi oftast møter kunsten isolert sett, i til dømes gallerilokala. Vi kan godt la kunst inngå i «ureine» samanhengar, seier han, kor ikkje kunsten i seg sjølv er endepunktet, men at det heller er effekten, den funksjon verket kan ha i samfunnet, som er sentralt. Vi må tørre å sjå på kunsten som noko som òg kan vere målretta utan at det vert nedvurdert for det, meiner Jessen. For dette overordna målet verkar det som om både Jessen og Bergsland er villig til å ofre den frie kunsten og kunstnarane sin autonomi.
Bergsland er likevel ikkje redd for at kunsten skal forsvinne. Vi har sterke institusjonar som klarar seg ganske bra, påpeiker han, og som no etablerer seg innan akademia i større grad. Akademia vert målestokk og staden som vil sikre overleving for kunstutdanningane og den kunstnariske forskinga. Bergsland trekker fram Duchamp som braut med forventingar i si tid, og for vår tid er det «KI som lagar kunsten for oss», argumenterar han. Slike tilfelle vitnar om eit kunstomgrep som endrar seg i takt med samfunnet si utvikling, ifølge Bergsland.
Det verkar for meg som panelet fremmer ei tydeleg instrumentalisering av kunsten, som i vår kapitaldrivne tid vert dømd som «unyttig» – eit ord som i seg sjølv vert definert av spørsmål om kapitalvekst. Forsking i gjennom og på kunsten er ikkje nok, det krevst ein meirverdi. Men ein kan jo spørje seg, når har ikkje kunsten vore ein sentral samfunnskommentator? Når har ikkje kunsten påverka samfunnet rundt seg, og samfunnet kunsten attende?
Innpass hjå akademiske institusjonar
Alle paneldeltakarane tek til orde for eit utvida forskingsomgrep kor kunsten kan bli tatt på alvor som kunnskapsprodusent. Og her er eg heilt med, men etter kvart verkar det meir som eit argument for at kunstnarisk utviklingsarbeid må endre seg for å få innpass hjå dei etablerte, akademiske institusjonane, heller enn at institusjonane i seg sjølv kan ha godt av ei utviding og omforming.
Kanskje kan ein ikkje forvente anna frå NTNU-forskarane, men panelet trekk fram viktigheita av nasjonale og internasjonale støtteordningar, slik som Noregs forskingsråd og EU-prosjekt som Horizon Europe. Å sikte seg inn mot desse store søknadskvernene har påverka korleis dei arbeider hjå KiT, dei må tenke meir langsiktig og utvikle problemstillingar med tanke på strategiske tema, som til dømes klimaendringar.
Denne vendinga kan vi absolutt karakterisere som ei akademisering og viser tydeleg kva for ein veg KiT siktar mot, med fleire store prosjekt og mindre utvikling av dei individuelle, utøvande kunstnarane. Og det er trist, for i realiteten fører ofte ei slik vending til meir administrasjon og mindre forsking, meir søknadsskriving inn mot andre sine allereie definerte mål og strategiar framfor fri utforsking og uttrykk.
Kva for nokre spørsmål kan kunsten svare på?
Brenner spør panelet om kva for nokre spørsmål som berre kunsten er i stand til å svare på. Finst det, som programteksten lova oss svar på, noko som kunstnarisk forsking kan belyse på andre måtar enn det tradisjonelle forskingsmetodar gjer?
Etter mi meining nemner panelet berre eitt godt og konkret eksempel på dette, nemleg korleis filmen kan vise tidsforlaup og ventetid på overtydande måte. Elles er det mange vage flosklar om å «utvide» tradisjonelle omgrep eller om å sette ord på ting som er uutseieleg eller udefinerbart.
Det gode eksempelet er Andersen sitt aktuelle filmprosjekt om arkitektur og kronisk sjuke på revmatismerehabilitering i Montenegro. Filmen belyser temaa helse og velferd, men mest slåande er korleis filmmediet kan vise fram ventetida ein står ovanfor i helsevesenet ved å late publikum faktisk vente saman med pasientane gjennom lange, stillferdige klipp med lite til inkje innhald eller dialog. Filmen som eit tidsbasert medium kan slik gjere denne ventinga heilt reell.
Direktørens reklameinnslag
Når PoMo-direktør Marit Album Kvernmo entrar scena, er eg spent på kva for nokre tankar ho har gjort seg i laupet av den siste timen. Men ho verkar diverre uførebudd på tematikken, kallar det kunstfagleg forsking, som jo er noko heilt anna, og nyttar heller taletida si på å fronte huset sine eigne strategiar og naboen, Nye Hjorten Teater, sitt underhaldningstilbod. Eigarane av det såkalla «nye kulturkvartalet» spøkar i talen hennar, og ironisk nok understrekar også dette kunsten si instrumentalisering i samfunnet. Dei som sit med pengesekken er dei som gjev ut oppdraget til kunst- og utdanningsinstitusjonane, for å skape gevinst og meirverdi for dei kapitalistiske kreftene.
Også Kvernmo meiner at det er systematikk, metode og refleksjon som skal til for at kunst skal verte til forsking. Det krevst at ein forklarer eller forsvarer metodevala sine. Slik kan kunsten òg berike andre forskingsfelt med sine nyvinningar. Her stemmer Jessen i: Han og Berglund kallar det for kunsten sin «impact»; det at kunstnarisk utviklingsarbeid kan bidra til å plassere kunsten sentralt i samfunnsutviklinga. Direktøren kallar dette innovasjonsarbeid – og no er vi verkeleg inne i kapitalismen si vekstfokuserte høgborg.

Rykk tilbake til start
Eg har ikkje inntrykk av at panelistane i stor grad utfordrar dei etablerte førestillingane om korleis forsking føregår, slik som arrangementsteksten lova. Dei er stort sett heilt einige med kvarandre, og den vetle motstanden dei får av Brenner er ikkje nok til å lokke ut noko anna enn sjølvfølger.
Ifølge panelet er det ikkje kunsten åleine som kan bringe fram nye kunnskapar, det er refleksjonen vi pakkar rundt han som skal lære oss meir om verda. Dei seier det ikkje skal vere ei akademisering av kunsten, men det verkar som om dei heile vegen søker mot anerkjenning etter akademiske mål: NFR-støtte, strategimål, prosjektmidlar, nyskapande formidling, refleksjonsnotat og forskingsartikkel, problemstilling. Innovasjon.
Eg trur ikkje at eg hadde skjønt mykje av samtalen om eg kom heilt blåøygd inn i han, men ei heller føler eg at panelet flytta nåla noko nærare ein konklusjon kring tematikken. Det heile verkar meir som ein times lang ordsalat der ein sirklar rundt dei same tinga om og om igjen. Kva anna kan ein uansett forvente? Vi kan nok ikkje løyse denne gåta på så kort tid. Ueland syng oss ut, med ein song laga med improvisasjon og med utgangspunkt i dette rommet og eventet vi er på. Det rammar samtalen fint inn, som ein tydeleg sirkelkomposisjon, men det vert også ei påminning om at vi har enda opp same stad som vi starta; i Rema-Reitan sitt skryterom. Så klart er det her at effekt, resultat og meirverdi er i hovudsetet.
Når kunst gir ny kunnskap, 16. september 2026 PoMo
Åpningsarrangement under Forskningsdagene i Trondheim 2026
Artikkelfoto: NTNU / William Lee-Wright



