Papirnostalgi over truga natur – ArtScene Trondheim


Papirnostalgi over truga natur

Kritikk, 23.01.2026

I Edvine Larssen si utstilling Isfjellteknikk, visast minimale og kolossale papirverk om kvarandre i ei verd som er skjør og mektig samstundes – ei verd som er både motorisert og handlaga. Det heile bindast elegant saman av eit narrativ henta frå litteraturen og scenekunsten, med verk som både spelar på og speglar kvarandre. Tittelen Isfjellteknikk speler på Ernest Hemingway sitt konsept «the principle of the iceberg» – at det finst meir under overflata enn først antatt. Her får det usagde like mykje vekt som det openberre. Med i alt 83 verk utstilt hjå Kjøpmannsgata Ung Kunst, markerer dette Larssen si største soloutstilling. Resultatet teiknar ho opp til å bli ein betydeleg kunstnar i det norske landskapet.

Før du eingong har tredd inn i Bingohallen kan du skimte det massive hovudverket i utstillinga. Frå golv til tak strekk det seg ei stor masse av papir, nesten som ein høystemt papirduk. Det minner om papirrullane som vert lagt over legebenken mellom kvar pasient, krølla saman i målmedvitne lag for å skape illusjonen av eit tungt, kvitt fjell. Og det ser verkeleg ut som is, mykje takka vere dei skarpe ljosa som er vendt mot den kvite flata, som lagar knudrete skuggar slik vi kjenner det frå snødekte toppar. Det vakre fjellet gjev meg ein sublim følelse, ei skrekkblanda fryd, som ein typisk sett får i naturen, no bringa inn i galleriets hole. 

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. AST

Papiret som materialval impliserer samstundes isfjellets skjøre natur. Frå barndomens leik veit vi at papiret er truga av saks og andre skarpe reiskap – eller av menneskehender som kan rive og knurve det saman. Det er òg rekna for eit miljøvenleg materiale fordi det let seg resirkulere, og på eit vis er det dermed forgjengeleg. Papiret i sin noverande tilstand kan øydeleggast og bli til noko anna. 

Under opninga framfører koret Embla to songar, som gjer verket enda meir levande. Den første, ein finsk regnsong hevar den allereie mektige stemninga i rommet, og spreidde knips frå fingrar og tunger mimar på realistisk vis isen som smeltar og dryp, vert til klukkande vatn. Det er vår! Fjellet vitnar om dei sakte prosessane og brå endringane på same tid; korleis ein isbre som røyrer seg og smeltar litt etter litt, plutseleg ikkje finst meir. 

Frå betonggolvet i Bingohallen står fjellet og stangar i sagtanntaket, skapar ekko frå rommet si industrifortid, og vitnar samstundes om at verket er spesiallaga for desse lokala. Det stadbundne er blant Larssen sine hovudtrekk, særleg kopla til det japanske omgrepet Ma, som ho skreiv si doktoravhandling om. Ma utforskar tid og rom i ulike lag, der installasjonskunst landar ein stad midt i mellom kunstformene teater, arkitektur og skulptur. 

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. AST

Under overflata

Som utstillingstittelen legg opp til, finst det hjå Larssens kunst meir enn det overflata antydar. Bakom det monumentale papirverket finn vi nemleg ei hemmeleg hole, skapa av blått pleksiglas, som held det heile oppe. Med ljoskastarar næmt plassert på framsida, ser vi laga i papiret som vert ljosare eller mørkare blå alt etter kor mange lag som ligg over kvarandre. 

Bak fjellet ser det heile meir ut som ei skummande bølge som veltar over ein vegg. Fire trestolpar, dei liknar galgar, står imot vekta frå andre sida. Tankane går hen til endetidsforteljingar og Noa si syndflod. Er det einaste alternativet vi har å starte om igjen på ein reinvaska planet? Dei mørkaste delane av den blå hola er nettopp ei spegel av tilskodarane sjølve, og verket tvinger oss til å sjå oss sjølv i relasjon til kunsten – og til naturen. Menneskelege konsekvensar vert veva i hop med naturens skjønnheit.

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. AST

Men det er ikkje berre dommedag i isfjellet, som den andre korsongen, Lux eterna (evig ljos), minner oss om. Songen framhevar at det her gøymer seg eit nesten håpefullt ljos, trass alt. Veggen held papirbølga ute, og gjer det blåe krypinnet til ein trygg gøymestad. Forutan pleksiglasa består konstruksjonen av kvitmåla sponplater, treverk opphøgd og sat saman igjen, resirkulert til eit nytt liv. Det gjev i det stille eit eige håp; kanskje går det an å lage ei anna framtid av dei same bestanddelane som vi sit med i notida.

Tapt paradis

Langs veggen i Bingohallen finn vi enda eit papirverk, Paradise Lost, som også minner om isfjellets sakte rørsle, berre no i eit meir kompakt format. Samstundes er dei nesten naturvitenskapeleg nøyaktige undersøkingane monumentale i si utstrekning. Verket spenner metervis bortetter veggen, sjølv om dei 48 rammene er stramt montert opp mot kvarandre. Det ser nærmast ut som ei rekke storyboards, som viser ei sakte forskyving i dei farga papirutsnitta. Verka sine minimale forskjellar mellom kvart lag i utsnitta mimar korleis ein isbre røyrer seg så sakte at du ikkje kan sjå det, samstundes som det legg bak seg fleire kilometer i året. I ekte isfjellteknikk avslører utsnitta dei ulike laga med papir litt etter litt, og let oss dermed titte under overflata. Dei vert til lommer i isfjellet, som om vi kikkar innover i ei snøhole, eller ned i ei grop.

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. Dag Asle Langø

Saman med dei presise utskjeringane minner dei knallfarga sjatteringane om barndomens kunst- og handverk-timar, som ein barnleg naivitet, ein papirnostalgi. Eit perspektiv som òg står i stil med idealisering av barnet, det pure og reine i pastoral naturdikting. For tittelen, Paradise Lost, er også ei referanse til John Milton sitt episke diktverk frå 1667 med same namn. Teksten står i stil til verket, både i papiromfang og fordi han handlar om det bibelske syndefallet. Gjennom diktet blottstiller Milton mennesket si frie vilje og dei moralske konsekvensane av ho. På same måte peiker Larssen sine papirarbeid mot eit tapt paradis. Men det er også håp hjå Milton – moglegheita til å bli frelst og kome til himmelriket er der likevel. 

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. Dag Asle Langø

Fleire av gjenstandane inkorporerer slike litterære referansar, som i utstillinga sine to ljospære-verk. I Textbulb VI og Textbulb VII er sitatet «In the present as were I still» sandblåst inn i glaset på pærene, eit sitat frå What Where (1983), det siste skodespelet Samuel Becket skreiv før han døydde. I opninga seier ein av karakterane «It is spring» og stykket avsluttast når «It is winter», og dette er dei to andre linene som pryder kvar si tekstpære. Vårpæra har grøn (i pamfletten «grasgrøn»!) leidning, medan vinterpæra har kvit, to fargar som høvesvis varslar om håp og om død – to sterke motiv i utstillinga elles. 

Eit anna viktig element hjå ljospærene, er at dei snurrar sakte rundt ved hjelp av ein motor i takkoppen. Dei går i ring, slik at teksten på pæra avslørast for oss litt etter litt. Med både ljos, elektrisitet og motor står tekstpærene i fin kontrast til papirverka sine analoge kvalitetar. 

Automatisert ljosleik

Åleine i Hjørnegalleriet finn vi eit anna motorisert verk, Curtain VII (71°10’21’’N / 20 November), som også speler på ljos og teater. To gigantiske persienner, spesiallaga for utstillinga, heng frå ulike punkt i taket. Gjennom ein programmert 24-timars loop slepp dei forbi meir eller mindre ljos for kvart knepp dei vrir seg. Ljoskastarane bak verket skin gjennom og minner om sola slik ho lirkar seg inn imellom persiennene heime. Automatiseringa tek bort behovet for ei menneskeleg hand til å vri persiennene i korrekt vinkel for solskjerming; eit nikk til korleis mennesket er vorte effektivisert ut av prosessar som før var avhengige av vår kraft og handverk.

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. Dag Asle Langø

Vi har sett fleire iterasjonar av Curtain frå Larssen gjennom åra. I dei tidlegare verka i serien arbeida ho med store forheng, banner eller lange, tynne tre-plater som laga avgrensa rom i rommet, nesten som hi. Denne gongen er gardina laga av aluminium, eit materiale som står i kontrast til papirverka i utstillinga, og igjen peiker mot det moderne – industrien og dei enorme forureiningane knytt til dette. 

Koordinatane i tittelen viser til ein bestemt stad, nemleg Nordkapp. Larssen er sjølv frå Nord-Norge, staden kor midnattssol og mørketid skapar nokre av våre sterkaste kontrastar. Dei sakte tikka frå persiennene speglar den nesten umerkelege rørsla mot fullstendig vinter eller sumar. Utstillinga si pamflett omtalar desse ekstrema som teatrale, ei kopling som skin enda sterkare med tittelen Curtain i hug – ei referanse til teateret sitt sceneteppe.

Stramme utsnitt av vage motiv

Gardinmotivet i utstillinga lever videre i Bunkersen med verket The Venetian Blind, som i motsetning til Curtain ikkje er ei faktisk venetiansk persienne, men ei rekke polaroid-bilete frå Italia. 

Sjøutsikt, gittergjerder, portar og buskas, kumlokk og duer, blod og blomster på brusteinen er fanga i fotoa. Også her finn vi tette utsnitt, men i mindre nøysame handlag enn vi såg i Paradise Lost. Fleire av polaroidane er ute av fokus, nokre så mørke eller så overeksponerte at ein ikkje kan syne motivet skikkeleg. På same måte som papiret betonar det forgjengelege, så hintar polaroidane til det efemere. Det er ei fotoform som fangar augneblinken der og då, og automatisk skriv ut bileta i det dei vert tekne. Her er det ikkje rom for ei andre taking. Valet av Venezia som motiv skapar samstundes konnotasjonar til korleis verda vår er truga av klimaendringane og overfløyming – sjølv ikkje turistfeller og UNESCO si verdsarvliste er sikra her.

Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. Dag Asle Langø

Innramminga er til gjengjeld særs forseggjort handarbeid, og med stort spelerom til passepartouten skapar museumsfinisjen ein fin kontrast til dei tidvis planlause bileta. Særleg dei fire runde rammene med tilkutta runde bilete, står godt ved sida av dei klassiske, kvadratiske polaroidane. Saman med bileta finn vi eit postkort i rosa-gult papir, kor vi kan lese stadnamn og datoar for når bileta vart tatt. Ulike områder i Venezia, er korrekt plassert i relasjon til kvarandre på postkortet slik dei er på kartet. Baksida av postkortet er pryda med eit dikt, som koplar venezianatta sine tomme gater til scena, nok ein parallell til teateret: «As night falls / the Curtain is inevitably rising». 

I sin heilskap fungerer utstillinga Isfjellteknikk svært godt. Ho er medvitent samansett av  ulike verk, som på kvar sin måte gjer tilskodarane bevisste på sine omgjevnadar. Kontrastane som verka måler opp er tydelege for oss, utan at dei vert forenklande. Med stødig hand og klåre referansar vert dei ulike romma i Kjøpmannsgata Ung Kunst bundne saman. Særleg dei mest monumentale verka, gjer seg godt i lokala og står sterkt i sinnet etter besøket. Tittelen handlar om å avsløre noko sant, litt etter litt, og Edvine Larssen lukkast i å vise fram ei sanning utan å falle inn i det moraliserande. Gjennom variasjonar over ljos, litteratur, og driven etter å finne ut kva som finst under overflata, inviterer ho publikum til refleksjon. Verka fungerer slik både som ein spegel mot menneska, men òg ei vitnesbyrd over den skjøre naturen som vi no risikerer å tape for alltid.

Artikkelfoto: Edvine Larssen, Isfjellteknikk, Kjøpmannsgata Ung Kunst, F. AST

Edvine Larssen
Isfjellteknikk
16. januar–22. mars 2026
Kjøpmannsgata Ung Kunst