Godt og blanda – men mest blanda
Kritikk, Benedikte Fiskergaard Ytterli 10.11.2025
Ei sterk lukt av linolje slår imot meg når eg entrar Babel sitt nye visingsrom, og eg vert slengt tilbake i tid til ungdomskulen sine gymtimar. BABEL REMIX er den første utstillinga i den ombygde gymsalen, og her er det hjernen og blikket som vert trimma – ikkje kroppen.
For Babel og Lademoen Kunstnerverksteder (LKV) er det ei viktig samling som no skjer – å ha visingsrommet nært på produksjonslokala understrekar at historia deira er bygga på arbeid og dugnad. Dugnadsånda ser vi òg i utveljinga; verka er fagfellevurdert, og fremjar det Babel sjølv kallar ein «anti-kuratorisk profil».
Eg opplever at verka som no er utstilt samlar seg rundt temaet «gymtime». Særleg det bevarte gymsalgolvet minner om frileiken kor ein fekk lov til å leite fram det mest obskure og kule utstyret frå lageret. På eit vis framstår gjenstandane tilfeldig slengt, eller gjenglemt, rundt om på golvet. Det gjer at rommet framstår friskt tilforlateleg, men òg uferdig.

Vertikale moglegheiter
Verka som gjer seg absolutt best i visingsrommet er dei som nyttar seg fullt ut av den luftige takhøgda. I Edvine Larssen sitt Pull er blå-grå trådar spent frå eit vindauge til eit anna, tvers over rommet, og minner om korleis solstrålar treff støvkorna i lufta, sjølv om sola for lengst har gått ned når eg vitjar utstillinga.
Danske Sofie Hviid Vinther er utstillinga sit einaste internasjonale bidrag, og ho veit å nytte seg av den vertikale moglegheita i gymsalen. Heilt oppunder taket heng ei rosa jakke med meterlange ermer som subbar i golvet under seg; ROLL DOWN YOUR SLEEVES er som ein altfor stor arva genser.
Vinther sitt andre verk i utstillinga, pappeskene fylt med Fresh Sweat & Towel Ties, er mindre slåande i rommet, men sveitte på boks og håndkle-slips spelar fint på gym-tematikken. Samstundes speglar dei i sin fabrikkanalogi også kunstnarfellesskapet sitt arbeidar-fokus.
Meir enn noko kjennast desse kunstverka sårbare ut. Den nesten hudfarga jakka er slik det følast å kle av seg i garderoben, pakkechipsen i eskene renner over, og jakkeerma samlar seg i ein pøl på golvet, likt eit barn med armane demonstrativt i kors. Verka ligg opent ute, i fare for å verte tråkka på av ivrige gallerigjengarar.

Også Hilde Honerud sine fotografi nyttar rommet godt. Biletet av den hoppande personen i It is a light which objectifies everything and confirms nothing (part two) vert plassert høgt oppe, medan bilete av ein sykkel og personen som står i bru, får sin plass nærare golvet. Subjekta er på denne måten «i aktivitet» sjølv i sin stillstand. Eg stussar berre på at nærbiletet av ein sliten mann sin pulserande hals er plassert så langt oppe. Skulle ikkje det heller ha vore i augehøgde, der ein verkeleg kunne studert blodet i årene si reise frå hjarte mot hjerne?
Eit av bileta er uvanleg nok lagt på golvet, med den eine sida balansert på ein liten kloss. Det liknar mest på ei teikneserie-felle, kor dei proppar opp ei pappeske med ein pinne. Og eg let meg fange. For liggande slik vert takljosa reflekterte i flata, og fotografiet vert vanskeleg å sjå. Det speler på lag med motivet som i seg sjølv synar eit glinsande materiale. Slik kjem Honerud sine fotografi til live gjennom plasseringa i rommet.

Uforløyst potensiale
Pål Lersveen sitt verk lukkast diverre ikkje like godt, sjølv om han òg freistar å jobbe i høgda. Verket Hva heter det igjen når man har utsatt det litt_29 består av ørsmå sjølvportrett projisert klatrande opp og ned på veggen, nesten som i ein ribbevegg. Verka hans visar ofte slike mikroskopiske menneske, men som regel plasserte i det små, i bortgøymde hjørne. På den måten vert dei på eit vis dimeir effektfulle, nesten som ein hemmeleg skatt ein må leite for å finne. På Babel må ein derimot ikkje leita særleg nøye for å finne figurane, og dei spring ikkje høgt nok opp veggen til at verket utnyttar den kolossale høgda i rommet skikkeleg.
Innslaget frå Tegneklubben minner om barneteikningar, og gjer seg slik godt i gymsalen. Eit barn som vitjar utstillinga tilføyer si eiga teikning til verket, og det passar jo nesten inn. Men ved nærare inspeksjon ser ein meir sofistikerte metodar og strekar imellom krusedullane. Arbeidet BABEL sessions 22.-24. oktober 2025 er eit klassisk verk frå gruppa, spesiallaga i høve opninga. Blant motiva på dei 86 teiknearka finn vi både kjende og ukjende fjes klippa frå magasin og aviser, mellom anna Johannes Høsflot Klæbo og LKV sin eigen styreformann. Det mest interessante ved verket handlar likevel om korleis det vart til, alle teikningane vart nemleg laga over eit par dagar her i visingsrommet. Det er så klart stas med eit såpass stadsspesifikt verk, men elementa vert tidvis for interne, og kollasjen tilfører diverre ikkje så mykje til rommet samanlikna med dei andre meir romlege bidraga.

Nokre av kunstverka i utstillinga er verken fugl eller fisk. Særleg HC Gilje sitt videoverk Oribital Turnhallen, ein saktefilm av ein salto filma i nettopp desse lokala, vert diverre eit litt for bokstaveleg tilskot til gymtimen i dette utvalet. Verket lid dimed same skjebne som Tegneklubben, der sjølve lokasjonen ber mesteparten av meiningsinnhaldet utan å opne nye tolkingsrom i betydeleg grad. Også Vilje Celin Kern Vestenfor mimar kråkestupet si rørsle i skulpturen Mother Tongue Scorpio Moon, medan systerskulpturen Controller er mest lik ei slags vippedisse. Ved å bruke materiale som bivoks, eteriske oljer og ein krystall, impliserer Vestenfor meir natur enn dei andre i utstillinga. Men ho nyttar òg aluminium og naglar, og slik møtast maskin og menneske i ei balje fylt av væske, som liknar både smurning og sveitte, og lukta frå dei eteriske oljene er som godlukta som fyller jentegarderoben. Likevel, det meste du får ut av desse verka er nok det du sjølv tillegg dei.
Tankevekkjar på mesaninen
På mesaninen finn vi derimot utstillinga sin største tankevekkjar med lydsporet til Linn Halvorsrød, Lamon skulpturpark, i 24 minutt på loop. Morten Almaas les roleg og taktfast, medan Kristoffer Momrak speler fløyte og fuglane kvitrar. Lydane nærmar og fjernar seg, nett som ein går rundt i parken, ser på skulpturane, og møter skuleklassen, vaktmeisteren.
Verket er nesten som satt i skammekroken, der det står mellom kaffemaskina og bokutsalet, og Halvorsrød er fjerna frå dei andre i utstillinga, reint fysisk og tematisk. Der dei andre verka kretsar rundt ein viss fysikalitet, er Halvorsrød sitt bidrag meir vendt innover mot kunstverda – ei ekfrase over alle dei ulike skulpturane og prosjekta i parken. På denne måten lukkast Halvorsrød med å lage eit stadsbetinga verk, som samstundes er både meir tilgjengeleg og talande enn hjå Tegneklubben og HC Gilje. Utsikta mot Mellomveien – gata, naboane, sjølve Lademoen – vert også ein del av verket, ettersom stolen står vendt mot eit av dei store vindauga. Og etter mørkets frambrot, er det ikkje berre utsikta som vert synleg i glaset, men òg ein sjølv. Vindauget som Halvorsrød har plassert lydinstallasjonen sin framfor vert slik ein spegel.

Tittelen på utstillinga, BABEL REMIX, speler både på den fyrste utstillinga hjå Babel i 2006 (BABEL MIX) og på at kunstuttrykka vi no får sjå er «ein god miks». Utstillinga har bevisleg stor variasjon i uttrykk: Her står tekstil, skulptur, teikning, foto, video og lyd side om side. Til saman uttrykker verka noko barnleg og leikent, med ein meir seriøs undertone implisert – noko som kler visingsrommet og visjonen til Babel godt. Eg håpar at seinare utstillingar vert enda meir «miks» ved å inkludere fleire av LKV sine eigne gjestekunstnarar, som jo visingsrommet Babel opphavleg vart skapt for.
BABEL REMIX
Babel visningsrom for kunst
24. oktober – 30. november 2025



