Minner i eit tilsløra landskap – ArtScene Trondheim


Minner i eit tilsløra landskap

Intervju, 09.09.2026

Til hausten er kurator Anne-Gro Erikstad og kunstnar Meerke Laimi Thomasson Vekterli aktuell med gruppeutstillinga Ulmie (norsk: betydning, mening) hjå Trondheim kunstmuseum. Vekterli er ein av dei fire deltakande kunstnarane som alle bur og arbeider dei i det sørlege Saepmie. Ulmie fungerer delvis som ei vidareføring av Giltebe!, eit prosjekt med same kurator og same kunstnarar som fann stad hjå LevArt i Levangke (Levanger) i 2023. Eg har teke ein prat med Erikstad og Vekterli om deira ulike inngangar til den sørsamiske kunsten.

Mellom kulturar

Meerke Laimi Thomasson Vekterli arbeider med ei rekke uttrykk, som skulptur og installasjon, teikning og trykk. Ho har bakgrunn frå Kunstakademiet i Trondheim (KiT) i 2022 og vart tildelt Queen Sonja Print Award same år.

Eg møter henne nokre dagar før ho skal reise til Raarvihke (Røyrvik) for å arbeide på familien sin fjellgard, som ho for kort tid sidan tok over drifta av. Garden har vore i familien i fleire generasjonar, og bestefaren hennar byrja med å ta imot fisketuristar til overnatting dit på 1950- og -60-talet. 

Det er sikkert nok arbeid?

– Ja, det er ein plass som ein aldri vert ‘gjørraslaus’ som eg plar seie. 

Fjellgarden i Raarvihke ligg i nærleiken av eit vatn og er omkransa av berg kor enn du ser. Dette er plassen Vekterli har vakse opp, eit landskap som no kan skimtast som spor i kunsten hennar og synet ho har på naturen. 

– Eg har eit veldig sterkt forhald til dei fjella. Eg er jo ein av dei som meiner at vi ikkje må vere for aggressive, men heller bruke naturen med respekt, og forlate ein plass like bra som du fant den.

Meerke L. T. Vekterli, Mujhtiegåetedh (å erindre, komme på) 2023, LevArt.

Raarvihke er eit viktig sørsamisk område, fortel Vekterli. Det har ei lang samisk historie, likt områda rundt, og er eit eksempel på samanes sterke nærvære i heile Namdalen. Frå ho var lita har Vekterli tatt del i den samiske kulturen her, men ho fortel òg at Raarvihke på same tid har vore ein typisk norsk kommune. Det er litt vanskeleg for ho å setje ord på kva ved barndommen hennar som kunne kjenneteiknast som særeige samisk

– Når du er lita, så er det jo berre sånn det er. Eg føler jo at eg har eitt bein i kvar leir. 

Å vakse opp midt i to kulturar, har vore svært rikt for Vekterli. Samstundes kan det følast identitetslaust, at ein nærast fell mellom to stolar. Særleg ungdomsåra var prega av ei kjensle av å ikkje passe heilt inn nokon stad, seier Vekterli. Og identitetssøking kan vere utfordrande slik, men med åra og alderen har ho landa meir og kjenner seg tryggare.

Sørsamisk kultur i Trööndelage

Anne Gro-Erikstad har ein annan inngang. Sidan 2012 har ho arbeida med fleire ulike prosjekt knytt til sørsamisk kultur, mykje fordi ho har budd og arbeida i det sørsamiske området, forklarar ho.

– Det som er viktig for meg å seie, er at eg ikkje er samisk sjølv. Så den posisjonen eg snakkar ifrå er jo som ein kurator, som er utdanna hjå vestlege institusjonar. Grunnen til at eg har jobba med det samiske gjentatte gongar over ei periode er at eg har jobba med stadsbasert kunst på ein stad kor sørsamisk historie har vore heilt borte frå den offentlege forteljinga. 

Hjå LevArt har Erikstad gjennom ei årrekke sørga for å legge til rette for at det skal finnast kunst utanfor storbyen. Deler av arbeidet hennar har vore å skape forståing og anerkjenning for at det sørsamiske området også forgreinar seg frå Levangke.

– I heile det sørlege Saepmie så har det vore veldig lita bevisstheit om kor stor del av vår historie som faktisk er samisk.

Interessa hennar for det sørsamiske vart vekka under eit studiobesøk hjå Sissel M. Bergh, i samanheng med Trondheim Open i 2012. Bergh var på den tida i startfasen av prosjektet Dalvedh, eit kunstnarisk forskingsprosjekt som handla om usynleggjeringa av den sørsamiske historia. Prosjektet var eit samarbeid med Frode Fjellheim, sørsamisk musikar og professor i joik ved Nord universitet. Erikstad inviterte dei til å presentere det dei kalla for ein forskingsstasjon på LevArt frå 2012 til 2013, og utstillinga med same namn vart vist på Trondheim kunstmuseums avdeling Gråmølna i 2014. 

– Det handla om å skape eit opent rom for at folk skulle kunne kome og bidra med sine kunnskapar. 

Erikstad seier at det har skjedd utroleg mykje sidan da. På berre få år har det vore store endringar i kor synleg den samiske kulturen er i Trööndelage. Det sørsamiske har vore noko som ulmar under overflata, men som ikkje vert snakka om eller framheva på noko vis. Samstundes har området vore sentralt i samisk historie og kultur. Etter Erikstad si meining er det også tilfellet innan det nasjonale kunstfeltet, særleg etter markeringa Tråante 2017, som markera 100-årsjubileet for det første samiske landsmøtet som fann stad her i 1917. 

Sissel M. Bergh, Elmie, 2023 (stillbilde) foto og opphavsrett: Sissel M. Bergh

– Når du først byrjar å snakke om desse temaa, så finst kunnskapen og minna om det samiske der. 

Erikstad er sjølv vakse opp på Levangke, og har sett rein i fjella frå ho var lita, men den samiske kulturen i området har likevel vore perifer for henne. Det at staden er ein del av Saepmie, det er noko ho har fått større bevisstheit om i seinare tid, og som ho er svært takksam for.  

Viss ein berre leiter, kan vi finne masse spor av det samiske her, påpeiker ho, og det har vore eit stort arbeid med å kartlegge dei samiske kulturminna i regionen. Det er likevel mykje som er gått tapt gjennom assimileringsprosessane.

Noko av grunnen til fråværet av sørsamisk kultur i regionen er skulda i framrykkingsteorien, om at samane her sør skal ha innvandra nordfrå i nyare tid. Erikstad trur at det har vore eit større allment medvit om det samiske nord i Noreg, at vi har tenkt på denne kulturen som noko spesifikt nordleg

Grensa mellom nord og sør er ikkje oppdelt på same måte i den nomadiske kulturen. Samiske kunstnarar, slik som samisk befolkning elles, har alltid jobba og budd i heile Saepmie, på tvers av nasjonale grenser. Grensesettinga har likevel påverka korleis kulturen har fått lov å utvikle seg. Til dømes har merksemda mot nord dei seinaste åra ført til ei framheving av mange flotte samiske kunstnarskap, og at urfolkskunst har vorte eit slags «hot topic» verda over, ifølge Erikstad. No kjem også merksemda om dei sørsamiske kunstnarskapa meir til syne. 

– For kunstnarane handlar det jo om å få den moglegheita til å jobbe, til å ha tilgang på plattformar der du kan vise fram kunsten din. 

Meerke L. T. Vekterli, Sijjie, 2020. Rammeverk av en miniatyr-gåetie/gamme. F. LevArt.

Representant for ein heil kultur

For Vekterli er det ei sjølvfølge for ho at ho er samisk, men ho seier at det samtidig er klart at ein har periodar då ein strever noko med identiteten sin.

Det kan òg vere utfordrande å verte gjort til representant for ein heil kultur slik både Vekterli og fleire ho kjenner tidvis har vorte. Identiteten får hovudrolla, framfor den individuelle verksemda deira. 

– Nokon seier «du er ein samisk kunstnar» eller spør om eg føler at eg er ein samisk kunstnar, men eg føler jo at eg berre er meg og så er det samiske ein del av det.

Ho grunnar noko av det i størrelsen på det sørsamiske området. Fordi det er så langstrakt og befolkninga ikkje så stor, vert det ganske få personar på kvar plass. Vekterli var til dømes ein av få samiske elevar ved skulen i Raarvihke. Dei lærte også lite om samisk kultur der, med lite til inga språkopplæring og markeringar av samiske høgtider. Då er det fort at ein vert tildelt i rolla som talsperson. 

Dei siste åra har det vorte meir fokus på dette. Samiske barn i dag har betre vilkår, som til dømes tilbod om digital undervisning i samisk der det ikkje finst lokale ressursar. Og slik sett går det rette vegen; vi forstår stadig meir at sørsamisk er eit eige språk som er viktig å ta vare på så det ikkje forsvinn.

Balansegang mellom feiring og debatt

Noko av det som har vore med på å synleggjere den samiske kulturen er nettopp feiringane, både av høgtider og merkedagar, slik som i høvet Tråante 2017. Utstillinga Giltebe! (2023) ber tittelen frå eit omgrep som tydar å glitre, eller vere pynta til fest, og var ei feiring av at Levanger fekk eit offisielt sørsamisk namn, altså Levangke. Erikstad fortel at det var ein prosess kor kunsten var med heilt frå start, men at feiringa også opnar for debatt. 

– Samstundes så ønska vi å ha desse romma for kritisk tenking, for kva det inneber, å ta det tilbake, slik at det ikkje berre blir symbolpolitikk. 

 Korleis kan ein balansere ei slik feiring med ein kritisk inngang, korleis får vi til både fest og forsoning? 

– Akkurat det spørsmålet med forsoning er vanskeleg, for det handlar jo om kven som skal forsonast og kva ein skal forsonast med.

Guri Simone Øveraas, Waren Sardne, underretning fra fjeldet, veggavis 2023. F. LevArt.

Mest av alt handlar det nok om å snakke sant om det som har skjedd, meiner Erikstad. Hjå LevArt har mange av prosjekta vore forankra i verkelege, historiske hendingar, som kunstnarar arbeidar med på ulike måtar. Dette kan vere veldig rikt, opplev ho, fordi det treff deg på eit emosjonelt plan også, ikkje berre som historisk beretning.

– Vi hadde til dømes ein verkstad som var spesielt for folk med urfolksbakgrunn. Ein treng rom der dei tinga kan verte diskutert med folk som har dei same erfaringane 

Verkstaden var i regi av kunstnaren Guri Simone Øveraas og handla om den sørsamiske avisa Waren Sardne. – For oss handlar det om å gjere ulike ting, i laupet av den perioden som utstillinga varer, at det ikkje berre blir sånn «kom og sjå desse objekta».

Kunsten som kunnskapsberar

I rapporten til Sannhets- og forsoningskommisjonen vert mangelen på kunnskap om samisk kultur i majoritetsbefolkninga påpeikt. Erikstad meiner at ein del av dette gapet kan fyllast av kunstnarane, som formidlar kunnskap gjennom kunsten sin som ein ikkje får tilgang på elles. 

– For meg handlar det kuratoriske veldig mykje om å løfte fram samiske kunstnarar. Ikkje så mykje å fortelje kva dei skal gjere, men å sjå kva dei gjer og så skape eit rom for at det kan artikulerast.

Erikstad trekk særleg fram urfolkskunnskapar knytt til klima og natur som ein viktig visdom verda har godt av å lære meir frå. Ho peiker på at den sørsamiske kulturen og språket kan endre korleis vi forheld oss til landskapet, og rett og slett opne for ein heilt anna forståingshorisont. 

– Det finst til dømes ikkje eit ord for «natur» på sørsamisk, fordi du har ikkje den dikotomien mellom natur og kultur, men i staden så har du eit omgrep som både kan bety jord, jorda, kosmos og kulturlandskap, men også mor

Ordet Erikstad referer til er eatneme, som visar oss ei anna, ei relasjonell, forståing i den samiske tradisjonskunnskapen, som òg er veldig lik i andre urfolkskulturar. – Det er ein annan måte å forhalde seg til ressursforvalting på, som ein kan kalle det, den her kunnskapen om korleis vi nyttar oss av naturen utan å legge igjen spor etter oss i landskapet, forklarar Erikstad. 

Spor frå tradisjon i samtidskunsten

Den sørsamiske nærheita til naturen og landskapet er sentral hjå nokon av kunstnarane som Erikstad arbeidar med inn mot utstillinga Ulmie. Ho ser det som eit fellestrekk at det er ei økologisk tenking bak verka deira. Dei nyttar i stor grad lokale materialar og minner oss på at vi må behandle naturen med respekt. Desse ideane kjem til overflata på noko ulikt vis, med innslag av både poesi, film, teikning og skulpturar. Likevel er det noko som bind dei ulike kunstnarskapa saman.

– Det er visse fellestrekk, som du kan sjå. Til dømes forankrar dei sin praksis i sørsamisk kultur og språk, i tradisjon og i historie. For nokon så handlar det om å synleggjere tradisjonar som dei er vakse opp med, medan det for andre handlar om å ta tilbake tradisjonar som har vorte stole frå dei, gjennom at det har vore forbod eller at det har blitt gløymd. 

Amanda Fayant, Fancy Dance, Resilient Strength, 2023 F. LevArt.

Ho trekk særleg fram kunstnar-duoen Stacey og Amanda Fayant. Søstrene er frå Cree- og Métis-folket i Canada, og Amanda bur og arbeider no i Tråante. Stacey arbeider med urfolkstatoveringar, mellom anna i prosjektet People With Face Tattoos Make Me Heal. Dei har veldig stor respekt for den tradisjonen dei forvaltar, fortel Erikstad. Det handlar likevel ikkje om å tru at ein kan gå tilbake til ei tid før koloniseringa. Å ta tilbake desse tradisjonene handlar like mykje om notida og framtida.

Ein søken i naturen og i seg sjølv

Eit kjenneteikn hjå Vekterli er arbeide hennar med samiske kulturminne. I tillegg til å vere kunstnar har ho bakgrunn frå arkeologi. Det har vore med på å dyrke fram denne interessa, noko som også er viktig for far hennar, forfattar og språkspesialist, Jonar Thomasson. Eit slikt kulturminne kan til dømes vere ein forlaten buplass eller eit reingjerde, kor spora etter det samiske ikkje alltid er lette å finne. 

– Dei ropar ikkje høgt. Du må trene opp auget for å finne samiske kulturminne i naturen. Det er korkje så stort, monumentalt eller krevjande.

Når ho først finn teikn til at det har vore samiske busetnadar ein stad, vert det lagra i databasen hjå Saemien Sijte, sørsamisk museum og kultursenter på Snåase (Snåsa) og i det nasjonale kulturminneregisteret. Vekterli har jobba hjå Saemien Sijte eit par somrar som kulturminneregistrator. Senteret er det einaste sørsamiske museet i Noreg, og har dimed eit nasjonalt ansvar for å dokumentere, bevare, forske på og formidle sørsamisk kultur. Dei har drifta fleire prosjekt for å synleggjere sørsamisk kultur og historie i regionen. 

Den subtile måten som desse arkeologiske spora trer fram på, koplar Meerke tilbake til sitt eige virke. Ho vert og dratt mot det stillferdige, det som må leitast fram. Ho beskriv det som ein slags søken både i naturen og i seg sjølv. Ho fortel korleis ho vert inspirert av ulike funn til å dikte vidare på forteljingane til menneska som ein gang levde der. Det er som å fange noko som ikkje lar seg fange, som eit skuggeteater eller ein lengsel etter noko ein ikkje heilt veit kva er. 

– I mangel på andre ord, så kallar eg det å gå i eit minnelandskap. Ein kan seie at det sit minner i veggane i eit hus, men ein kan også seie at det sit ein særleg stad i naturen. 

For Vekterli omhandlar det òg ein lengsel mot ein plass som ikkje finst eller som ein aldri har vore. Dette konseptet kjennast sterkt for ho, på måten ein vert dratt imot visse plassar i naturen. Kanskje er det slik ein skapar attkjenning i verket også? Ved å skildre ein stad som ikkje eksisterer kan vi kople oss på det vi har til felles, både med fortidige menneske og med eit notidig publikum, og skape ein stad for alle. 

Fellesskap i fortolking 

Det mellommenneskelege er ein viktig faktor for Vekterli på fleire vis. Ho vil ikkje sette ting i ei bås eller vere veldig bastant i uttrykka sine, men ønsker at publikum kan tolke det på sin måte, inn i sine liv. 

– Eg syns det er veldig stas når folk fortel om korleis dei opplever verka, kva dei assosierer med det. For dei ser ofte noko som eg ikkje har sett. 

Meerke Laimi T. Vekterli, Parasympatisk skyggespill (detalj), fra Rippling, K.U.K. 2022. F. AST

Til dømes i verket Parasympatisk skyggespill (2022) som stod utstilt hjå Kjøpmannsgata ung kunst sommaren 2022. Her fekk ho tilbakemeldingar om at verket skapte ei ro for nokre besøkande, som satt lenge og berre observerte det. Med skulpturen forsøkte ho å gjenskape den kjensla av ro som ein får av å gå i naturen. Vekterli fortel at ho kjenner eit sterkt tilhøyr utandørs, og at ho får ei slags trøyst der. Visse stadar kan ein få ei ekstra ro, meiner ho, anten det knytast til den samiske naturtroa, med heilage plassar som ein skal yte ekstra respekt for, eller konseptet om det sublime, den ubeskrivelege kjensla som oppstår i møte med stor natur. Uansett ligg det noko meir der, som tydar på at vi alle er ein del av den same kjernen. 

– Det er noko større i naturen som ein kjenner på, utan at vi klarar heilt å sette ord på kva det er.

Skogen som materiale

Å leite etter kulturminne og materiale til kunsten, er ikkje delt inn i forskjellige disiplinar for Vekterli. Heller er dei kvar sin del av eitt og same leitande auge som freistar å finne dei subtile hinta. I begge tilfelle er det magefølelsen som driv ho, saman med søket etter ei interessant eller uvant form.

– Dei som går tur med meg må vere veldig tolmodige, for eg vil gjerne stoppe og sjå på veldig mykje. 

På eitt vis er det naturleg at ho som tek ei slik observerande rolle enda opp som kunstnar. I realiteten er det jo ei øving i å sjå ting og samanhengar som kanskje ikkje alle andre får auge på, å kontekstualisere omverda på ein måte som får noko meir til å tre fram. Det heile er så menneskeleg; vi søker etter andlet, forsøker å finne haldepunkt eller mønster, sjølv i det som er organisk framvakse. 

Kva ser du etter i ein god kvist?

– Det er noko som fangar merksemda mi. Eg leiter ikkje etter perfeksjon, for kva er perfekt i naturen? Naturen er den han er og har blitt til etter forhalda. Eg blir veldig glad i det som har ei uventa form. Tre som er brote av eller tre som av ein eller annan grunn har fått ein vanskeleg start på livet, som berre finner ein veg. Det blir så interessante former av det.

For henne er det ingenting som kan måle seg med naturen sitt eige formspråk og uttrykk. Etter innsanking kan gjenstandane verte liggande i mange år før dei finn sin plass og blir del av eit verk. Og det er ikkje alltid Meerke sjølv som bestemmer kva dei ulike materiala skal bli. 

– Sånne materialar, til dømes tre, dei har ei eiga vilje. Dei får spor etter vêret og tida som har gått, deira strev, i alle fall i eit slikt karrig fjellandskap. Der blir det mange interessante former. Så finner ein ut etterkvart korleis dei kan kome til uttrykk.

Ho freistar å finne ein harmoni, finne rett plass til rett element, på naturleg vis. Slik kanaliserer ho naturen inn i verka sine og let han tale for seg sjølv. Ho trur ikkje at du kan tvinge naturelementa inn i noko, heller er dei del av ein flytande prosess. 

Kretslaupet

Dette kretslaupet får ein ekstra dimensjon i Vekterli sitt arbeide, ettersom ho freistar så langt det lar seg gjere å bruke materialar som til sist kan verte tilbakeført til naturen, skulle deira tid som kunstverk opphøyra. 

Installasjonen Parasympatisk skuggespel (2022) består av ein trestubbe med ei snurrande, motordriven plate kor kvistar får danse. Eit ljos stilt bakom det heile lagar skuggespelet mot eit linstoff forma som eit oppskalert reinsskinn. 

Vekterli likar å arbeide med slike materialar, som ikkje hopar seg opp som avfall ein ikkje kan bli kvitt. Hadde ein tatt noko frå skulpturen, kvistane eller stubben, og lagt det ut i skogen igjen, så hadde det fått gå tilbake til naturen på sitt sirkulære vis. 

Men nokon gongar krev uttrykket andre komponentar, for å få det til å stemme, det ein førestiller seg. 

– Eg har eit ønske om å berre bruke materialar som er der, men sjølvsagt er det vanskeleg å lage ein motor av naturmateriale.

Vekterli har forsona seg med ideen om at verka hennar kan slutte å eksistere ein dag, og synest ikkje dei må bli bevara som kunstgjenstand berre for å bli bevara. Ho trekk fram kunstnaren Iver Jåks, som ofte brukte naturmateriale som tre eller bein i sine verk. Til dømes i Runebomme-hammeren (1981), fortel ho, som står utandørs ved Samisk vidaregåande skule i Karasjok, og som etter kvart vil forvitrast av vêr og vind. 

Verket representerer dermed eit lenger perspektiv enn vår eigen tidshorisont, forbi våre eigne liv. Om tusen år vil desse tinga bli til noko anna igjen. 

Guri Simone Øveraas, Jeanoe laante (Elvelandet), en vandring med det tidligere elveløpet i Levanger/Levangke, 2023. Foto: LevArt / Siv Hilde Meen

Avgrensing i identitetsmarkørar

Men kan det òg vere einsformig som kunstnar å alltid knyta kunstnarskapen til identiteten sin, slik Vekterli var inne på? Eg spør avslutningsvis Erikstad om ho har inntrykk av om dei sørsamiske kunstnarane ho har jobba med kan kjenne seg avgrensa til identitetsmarkøren «samisk».

– Altså, dei kunstnarane som eg har samarbeida med forankrar jo sin praksis i det sørsamiske. Det sørsamiske er både viktig for dei og vert ein naturleg del av arbeida deira.

Vidare gjentar Erikstad betydninga av å anerkjenne at det finst ein sørsamisk kultur her, som er annleis enn det vi tenkjer på som det norske. Det siste er også veldig konstruert, påpeiker ho, då det finst store variasjonar og diversitet innanfor det vi kallar norsk også.

– Det er klart at for samiske kunstnarar kan det vere ei byrde å bli forventa å gjere ein viss type kunst, så det må ein jo passe seg for. 

Erikstad tenkjer det må bli meir sjølvsagt at det samiske er ein stor del av vår kultur og at vi må anerkjenne at den norske identiteten ikkje står i motsetnad til korkje samisk eller andre identitetar i Noreg, som romani, rom, jødar, kvener og skogfinnar.

Erikstad understrekar kor rikt det sørsamiske kulturfeltet er. Ein del av arbeidet hennar handlar om å vise fram at det samiske er både levande og under utvikling i dag. Ein konsekvens av fornorsking og kolonisering er nettopp misoppfatninga av at samisk kultur er dømd til å døy ut eller allereie er utdøydd. Arbeidet som sørsamiske kunstnarar no gjer ved å ta tilbake tradisjonane sine handlar også om å vise at kulturen enda lever og ikkje er forsteina. 

– Eg kan jo ikkje snakke på vegne av det samiske miljøet, men eg tenkjer også at dei som er oppvakse i ei majoritetsbefolkning har eit ansvar for å opne opp dei romma og vere lyttande til dei stemmene.

Ulmie (betydning, mening) med Meerke L. T. Vekterli, Amanda og Stacey Fayant, Guri Simone Øveraas og Sissel M. Bergh åpner i oktober 2026. Utstillingen er kuratert av Anne-Gro Erikstad.

Artikkelfoto: Sissel M. Bergh, Dalvedh, 2021-13, LevArt F: Sissel M. Bergh.