Villsting – ArtScene Trondheim


Villsting

Kritikk, 18.10.2022

Ei kvinnestemme høyrast frå ein høgtalar som er festa høgt opp på veggen. Kvinna snakkar om det å ramme inn ulike landskap: vatnet, asfalten, graset. Stemma tilhøyrar kunstnar Tina Jonsbu, som visar Videre.Inntil på Trøndelag senter for samtidskunst. Utstillinga består av fleire tekstilverk, nærare bestemt broderi, i tillegg til lyd og tekst i form av ei bok. Verka undersøker naturen som omgivnand og korleis ein kan lage sitt eige kart over den. 

I lydverket ramsar Jonsbu opp fleire tal: 37, 37, 58… så noko med ein fiskar og elva Vorma. Kva er alle desse tala, er dei tidspunkt? Stemma flyttar seg, og eg blir klar over at det er heile fem høgtalarar satt opp rundt omkring i rommet – ein ved vindaugsfasaden kvar eg kom inn, ein på kvar vegg til høgre og venstre, og to på mesaninen framfor meg. Eg får inntrykk av at stemma flyttar seg frå ein høgtaler til den neste i løpet av eit til tre minutt. 

Ei grøn bok er utstilt på ei kvit list som er montert til ein av veggane. Eg får seinare bekrefta at teksten i boka er den same som eg høyrer frå høgtalarene, men det var ikkje openbert medan eg bladde i boka sjølv. Det vart vanskeleg å lesa og høyra samstundes. Både lyden og boka inneheld mykje informasjon om den kunstnarlege prosessen, metoden og val kunstnaren har teke undervegs i arbeidet med utstillinga. 

Tina Jonsbu, Videre. Inntil, TSSK. F: Susann Jamtøy / Trøndelag senter for samtidskunst

Lydverket er del av eit tekstilverk som er sentralt plassert i lokalet. Det består av ein lang, smal rull av ubleikt lin som til forveksling liknar ein toalettrull halvvegs rulla ut. På rullen er det eit broderi som ikkje ser heilt ferdig ut, for nåla er framleis festa til ein av trådane – klar til å brodera vidare. Det er tydeleg at broderiet er laga for hand. Stinga framstår på same tid tilfeldige og kalkulerte, sånn at eg ikkje kan få meg til å tru at ein maskin kunne ha utført det. Det er ein kontrast mellom det ubleika linet og garntrådane som glinsar og gjev ei silkeaktig kjensle. I boka står det at Jonsbu har valt garn kvar stinga legg seg tett mot stoffet og liksom blir ein del av det, noko som speilast i verket. Dei mange stinga er brodert som ein sverm som ikkje når ut til kanten av underlaget, men held seg sentrert i midten. 

Broderiet viser seg å være ein fargepalett Jonsbu har satt saman frå elva Vorma, som finns i Akershus og er 32 kilometer lang. Namnet kjem av det norrøne ordet “varma, sidan elva ofte er isfri om vinteren. I eit abstrakt mønster har Jonsbu brodert i dei fargane ho ser langs elvebredda, det er innslag av grønt, raudt, brunt, blått, gult, oransje og kvit. I boka står det at 482 fargar utgjer fargepalletten, det er altså ikkje berre ein blåtone, men mange fleire. Det same gjeld for dei andre fargane. Fargesamansetninga framstår haustleg og vegetasjonsaktig. Jonsbu er enda ikkje ferdig med verket, fleire motiv frå Vorma står att å brodere inn.

Tina Jonsbu, Videre. Inntil, TSSK. F: Susann Jamtøy / Trøndelag senter for samtidskunst

Formidlingsansvarleg ved kunstsenteret trekk fram teknikken pointillisme i samanheng med Jonsbu sine broderi. Dette er nok fordi broderia kan minne om måleri beståande av enkeltfargar som punkt eller flekkar. I Jonsbu sine verk kan ikkje punkta og flekkane setjas saman til figurative motiv, men formidlingsansvarleg føreslår at ein raud strek kan vise til eit raudt hus langs elvebredda av Vorma. Me kan ikkje vite, berre gjette, kva streken og fargen representarar. 

Lengre inn i utstillingsrommet er 14 rektangulære plater montert svevande i vaierar med små kroker festa i taket. Dei når meg til hoftehøgde. Kvar plate har eit eller to broderi liggjande på seg. Platene skapar skuggar på golvet på grunn av spottane som lyser på dei. Dei 14 verka har den overordna tittelen Restetråder og er laga av overskotstråd frå broderi. Undertitlar på verka er originaltitlar på broderia, slik som blant anna Troldemor, Troldefar eller Troldepige. Sjølv om Jonsbu har valt å abstrahere motiva, peikar tittelen på kva dei potensielt skulle bli og kvar dei kjem frå. Dei fleste verka er broderi på papir. Enkeltstinga ligg lag på lag på papiret og gjer at underlaget krøller og buktar seg. Ein del av verka ser ut som skal eller skinn, eller bare fargerike klumpar. Det kan også sjå ut som knutar tett i tett, farga riskorn strøtt utover, eller ei slags brodert forsteining. Eit av broderia er brodert på lin og ber tittelen Almueting l. Dette verket skil seg ut i struktur og komposisjon kvar Jonsbu har gått bort frå villsting på kryss og tvers. Her ser alle stinga vertikale ut, og gjev ryddige fargefelt i ulike sjatteringar. Broderiet følgjer det rektangulære linstykket og er sjølv forma som eit rektangel. Her er også ein av trådane tredd på ei nål, klar til å sy, nett som i linrullen i Vorma-verket. 

Tina Jonsbu, Videre. Inntil, TSSK. F: Susann Jamtøy / Trøndelag senter for samtidskunst

Eg tenkjer at monteringa skal spegle ei elv, ei kjensle av å flyte, at det som flyt øvst lagar skuggar i elvebotn. Det at lydinstallasjonen er miksa til fem høgtalarar kan og symbolisera straumar i elva. Men her kan ein ikkje berre la seg flyte med, ein må sjølv halde tritt i svingane. 

Ingenting verkar tilfeldig i denne konsepttunge utstillinga. Ho er veldig detaljert og behandlar form og farge på ein konseptuell måte basert på eit bestemt fargekart og abstraherte former. Jonsbu har ei kunstnarisk tilnærming kvar repetisjon går igjen. Det menneskelege elementet trer fram ved at verka er laga for hand, og i det prosessorienterte. Jonsbu snakkar mykje om prosessen. Ho les om prosessen, og ho viser at ting er i prosess. Eg lurar på om alt dette fokuset på å forklare prosessen er for å legitimere verka. Kunne verka framleis vore i ein prosess utan at det skulle vektleggast såpass mykje? Kunne verka vore mindre iscenesett med nål og tråd, men framleis vera pågåande broderi? Eg meiner lydverket burde hatt høyretelefonar, så kunne ein sjølv velje å høyre om prosessen, som ei ein-til-ein-kjensle, heller enn korleis det er no kvar lyden strøymer ovanfrå og ut i rommet. Sjølv om lydverket er del av verket Vorma, kan ein ikkje la vera å høyre lyden også når ein ser på dei andre verka i utstillinga. 

Tina Jonsbu, Videre. Inntil, TSSK. F: Amalie Marie Selvik / Trøndelag senter for samtidskunst

Alt i alt får eg ei kjensle av at utstillinga er litt tom. Dette trur eg er fordi verka er ganske små i storleik og måten dei er plassert i rommet. Eg opplever og at teksten og snakkinga kjem i vegen for det visuelle, står i fare for å overskygge det. Det er tydeleg at det ligg mykje arbeid bak kvart verk, men eg trur det kan vera ei utfordring for publikum å finne ein inngang til arbeida.  Dette fordi verka verkar lukka rundt nokon bestemte rammer. Det kjem ikkje tydeleg fram kvifor det er nett elva Vorma Jonsbu har vald, kva bodskap ho ynskjer å få fram eller spørsmål ho ynskjer å stilla. 

Videre. Inntil
Tina Jonsbu
06.10.2022 – 06.11.2022
Trøndelag senter for samtidskunst