Eit dykk inn i menneskesinnet – ArtScene Trondheim


Eit dykk inn i menneskesinnet

Kritikk, 30.06.2022

Eit stort bilete av ei ung jente med hijab heng høgt montert på fasaden til K.U.K. Verket har tittelen Hani. Ho er i profil og ser mot venstre. Verket er i liggande format, 200 x 305 cm, og satt saman av tre aluminiumsplater. Eg trur først at biletet er svart-kvitt, men med nærmare augesyn er biletet berre kvitt. Det som ser ut som svart eller grått er skuggen av murveggen bak biletet, sidan aluminiumen er perforert. Noko som er blitt kjenneteiknet til Anne Karin Furunes sine verk sidan midten av nittitaltet. Perforering betyr å gjennomhole.

Utstillinga Rippling er av kunstner og professor ved Kunstakademiet i Trondheim Anne-Karin Furunes. Ni kunstnarar utanom Furunes sjølv deltek i utstillinga. Det er ei samansetning av blant anna tidlegare kollegaer og studentar i dialog med hennar kunstnarskap. I alt 17 verk av Furunes og 12 verk fordelt på dei 9 andre kunstnarane som gjev 29 verk totalt. Ei overvekt av Furunes sine verk gjer at også mi merksemd blir mest fanga av hennar verk. Fyrst når eg skal gå inn i rommet innerst i lokalet, med namnet Bingohallen, er det at eg møter eit verk laga av ei anna nolevande kunstnar.

Med fyrste augekast er det lett å tru at verka til Anne-Karin Furunes må ha blitt laga med rastering. At bileta har blitt gjort om frå pikslar til prikkar i til dømes Photoshop og at desse prikkane, også kalla rastene, er skåre ut maskinelt. Dei mange små hulla er med på å danne heile bilete. Det gjev heilt klart ein grafisk effekt. Ei kjensle av 3D. Ei slags digital kjensle. Dette har kanskje med at motiva kjem frå ulike fotografi?  Resepsjonisten på K.U.K forteljar meg at Furunes ikkje brukar digitale verktøy som Photoshop til å rastere eit fotografi frå pikslar til prikkar. Ho ser berre på bilete og ut frå det teiknar av kvar prikkane skal vera og trykkar dei ut for hand. Det er ganske imponerande. 

Anne-Karin Furunes, fra Rippling, K.U.K 2022, F. Haugen/AST

På fasaden heng tre flagg på rekke like over vindauga til restauranten Gubalari. Flagga er kveila rundt flaggstengene og assosiasjonen eg får er det tradisjonelle arabiske hovudtørklet Kefije, også kalla «palestinaskjerf». Dette er fordi flagga har eit kvitt og svart mønster. Sjølve mønsteret her har form som runde raster og eg skimtar at det kanskje dannar eit portrett på flagga. Tittelen Thora Storm peikar på Thora Storm som var skulestyrar, kvinnesaksforkjempar og Venstrepolitikar i Trondheim. Det er altså portrett av to kvinner som møter meg, Hani, som eg ikkje veit kven er og Thora Storm kvar flagga heilt klart har vore utfor ein storm. Skal dei vera kveila sånn? Eg får lyst til å rette dei ut.

I Hjørnegalleriet til venstre heng verket Schweden av Hannah Ryggen. Lengre inn i rommet ruvar eit kjempestort bilete på eit lerret, heile 6 meter i høgda og 2,4 meter i bredda. Lerretet er måla med svart akrylmåling. Også her er det perforering. Det er bilete av ei kvinne og det er som om blikket hennar følgjer etter meg, etter som eg beveger meg i rommet. Dette synsbedraget kjem av at ho ser rett fram, og hjernen min tolkar det som at ho ser på meg, og det gjer at uansett kvar eg beveg meg i rommet, følgjer blikket etter. Det er eit optisk bedrag og skapar illusjon av romlegheit sjølv om bilete er flatt. Verket heiter Anna Lisa. Kanskje eit nikk til det veldig kjente måleriet Mona Lisa som også følgjer ein med blikket og er måla av Leonardo da Vinci. Det er ein kontrast her med at Anna Lisa veit eg ikkje kven er, medan Mona Lisa er det kjent kven var, eller kven det iallfall kunne ha vore.

Rommet som kallast Bakgården er eit utfordrande rom, sidan det kjennes som ein gang eller foajé der fleire dominerande bord og skinntrekte lenestolar står rundt forbi og ganske tett opp mot det eine verket. Her er også resepsjon og inngang til restauranten, trapp ned til kjellaren, trapp opp til kunstbutikken. Verka konkurrerer med mykje som skjer i dette vrimlearealet. Her er fire verk av Furunes plassert. Igjen bilete med perforering, men tre av dei har natur som motiv. Det er også her eit portrett. Denne gongen av eit born, med kort hårklipp i profil, som ser mot venstre.

Anne-Karin Furunes fra Rippling, K.U.K 2022. F. AST

Rommet Bunkersen er det rommet eg tykkjer fungerer best. Her er fire verk av Furunes montert. Det kjennes som å sjå på nokon store skjermar, fordi perforeringa er så effektfullt. Furunes har gjennomhola einsfarga flater med ulike storleik på hull kvar store hull gjev lysare parti, medan små hull gjer at det ser mørkare ut. Eg undrar meg over korleis ho overfører motiva til lerreta. Korleis ho veit kvar ho skal hogge kvart hull. Eg forstår ikkje korleis det er mogleg at det er laga for hand, eg er også fasinert over korleis desse ulike hulla kan bli eit bilete.  

Laura-Ann Morrison, Ya pu no, yɛ n’dɔ no – The rejected daughter, fra Rippling K.U.K 2022. F. Haugen/AST

På veg inn til Bingohallen heng Astrid Ljungberg sitt verk De brister tidigare och tidigare. Firkanta flak av hønsenetting dekt av avispapir og måla kvitt kveilar seg i ein bue frå golv til tak og lagar ein portal eg kan gå inn i til det neste rommet. Til venstre heng eit foto på aluminium av Laura-Ann Morrison. Bilete heiter Ya pu no, yɛ n’dɔ no – The rejected daughter. Bilete gjev sterkt inntrykk sidan motivet er ei som sit med hovudet bøygd ned og ser i bakken. Knea har ho dratt opp inntil seg og hendene held ho på føtene sine. Det ser ut som ho har albinisme og er kledd i ein kvit dress, kjortel eller kjole. Over venstre skulder har ho eit slør med kvite perler brodera i. Det korte håret, hendene og føtene har ein gul farge. Albinisme er ein genetisk defekt som gjer at ein i liten eller ingen grad produserer pigment i huda. Ifølgje Amnesty International vart minst 59 personar angripne og 18 drepne i Malawi i 2014 på grunn av at dei har albinisme. Kroppsdelane er ettertrakta av så kalla heksedoktorar. Å arbeide med det som blir sett på som annleis, og blir avvist er også noko Furunes har til felles med Morrison, kvar ho jobbar med bildearkiv frå mentalsjukehus blant anna i verka Back to light, faces reflecting the past at San Servolo Metal Hospital som er å sjå på Skulpturtaket.

Meerke Laimi T. Vekterli, Parasympatisk skyggespill (detalj), fra Rippling K.U.K. 2022. F. AST

Litt bortanfor verket til Morrison, plassert i eit hjørne, er verket Parasympatisk skyggespill av Meerke Laimi Thomasson Vekterli. Eit kvitt stykke stoff forma som eit dyreskinn med frynser i kantane heng spent opp, bak er nokre kvister montert på ei plate, plassert på toppen av ein bjørkestubbe. Plata roterer rundt, og to lampar lyser på kvistane og gjer at det blir eit bevegeleg skuggespel på det oppspente stoffstykket. Dette verket har ein fin balanse mellom kunstig scenografi og enkel teknologi. Skuggespelet minner meg om når eg som barn skulle sova, og bilar som køyra forbi på vegen laga skuggar på gardinene av greinene på trea utanfor huset. I dette verket er lys og skugge viktige komponent. Det kan kanskje seiast å ha ei lenke til Furunes sine verk kvar ho heilt klart jobbar med lys og skugge, men også med korleis ho hentar gløymde minner fram frå mørket. Det parasympatiske nervesystemet er hovudsakleg aktivert når me er avslappa. Parasympatisk stimulering senkar hjartefrekvensen.

Tre verk av kalvande isbrear heng på veggar i Bingohallen. Disse bileta virker å koma frå gamle, trykte papiraviser. I bileta er fargane R, G, B (raud, grønn og blå) skilt ut. Kvar farge er ein sirkel og her er også perforering. Det er som om eg høyrer at det brakar i det breen kalvar. Det må heilt klart ha bråka. Dette er som eit stillbilde. Eg får lyst til å spole tilbake, men det er ikkje mogleg. Eg legg merke til at isbrebileta har fargar, kan det ha noko med at det er her og no, og framtid? Medan portretta og ein del andre naturbilete er svarte, sidan dette er ukjente minner og funne materiale frå arkiv? Utstillinga heiter Rippling som kan vera krusningar, små bølgjer i vatn, men ved kalving av ein isbre er det større krefter i sving. Isen treff vatnet med eit brak og lagar veldige bølgjer.

Oscar Eriksson Furunes og Juho Eerola The Birds/ Fuglene fra Rippling, K.U.K 2022. F. AST

Fleire etasjar opp er det ein takterasse med fleire skulpturar. Utanom Furunes sine verk Back to light, faces reflecting the past at San Servolo Metal hospital er eit fuglehus av Oscar Eriksson Furunes og Juho Eerola. Tittelen på verket er The Birds/ Fuglene, det same som Alfred Hitchcock sin film The Birds i 1963. I filmen er det naturen som angripe. I ein scene blir skodespelaren angripen av fuglar medan ho er innelåst på eit loft. Denne scena vart det brukt ei veke å filme inn, kvar fuglar var festa til skodespelaren med gummiband utan moglegheit til å flyge anna veg enn å angripe ho. I verket på skulpturtaket høyrer ein fuglar inni fuglehuset, eller er det menneske som hermer fuglelydar? Til tider er det også eit rabalder inni der, men ingen fugl kjem ut og angrip. Er det eit hus eller er det eit bur?

Utstillingen Rippling er omfattande, mykje grunna de arkitektoniske forutsetningane. Eg syns det fungerer best når verka til Furunes står samla. Furunes trekk ofte fram gløymte, utsette kvinner som ho portretterar. Eg sit igjen med spørsmål kva som hendar når ein eksponerar desse ukjente kvinnene. Er det tilfeldige ukjente kvinner som er blitt avbilda? Og kva med rekkefølgja dei blir vist i? Korleis skal eg lese det som ei forteljing, kanskje det er meir glimt av tapte minner eller eit dykk inn i menneskesinnet?

Eg er usikker på dialogen med dei andre verka som ikkje er hennar eigne. Dette er nok fordi det er i overkant fleire av Furunes sine verk og teknikken hennar er så virkningsfull. Det er fleire gode enkeltverk av dei inviterte kunstnarane som eg har trukke fram. Desse er romlege installasjonar eller med så sterkt biletemotiv at det klarar å stå side ved side med Furunes sine perforerte verk. Overvekta av Furunes sine verk, og at det er dei ein møter fyrst i lokalane, gjev meg ei kjensle av at det kunne ha vore ei soloutstilling eller retrospektiv utstilling.

Rippling
Anne-Karin Furunes, med Nina Roos, Marko Vuokola, Edvine Larssen, Laura-Ann Morrison, Astrid Ljungberg, Meerke Laimi Thomasson Vekterli, Oscar Eriksson Furunes og Juho Eerola
Utstillinga er ein del av Hannah Ryggen Triennale 2022

11.06-22.08.2022
Kjøpmannsgata Ung Kunst