Framtidsspådommar – ArtScene Trondheim


Framtidsspådommar

Kritikk, 20.09.2022

Vast past er fyrste store separatutstilling med den lofotenbaserte kunstnaren Thomas Falstad i fødebyen hans. Den opna 17. september på K.U.K.

Utstillinga til Thomas Falstad er konsentrert til to av utstillingsromma på K.U.K, Hjørnegalleriet og Bunkersen. I det fyrste rommet luktar det oljemåling og til saman seks måleri heng fordelt på veggane. Til venstre heng eit måleri med jernramme og tittelen Days dripped down ll. Omsett til norsk blir det dagane som rant vekk, og peikar på det forgjengelege med livet. Måleriet er i to deler, kvar to lerret er satt saman i ei ramme. Ramma har ein praktisk funksjon; å halde lerreta saman. Strøka i måleriet er raske, dratt nedover, lag på lag i irrgrøne tonar. Dei gjev ei kjensle av å krakelere eller ruste sidan oljemålinga ser ut til å ha koagulert enkelte stader i bilete. Eg får lyst til å bikke måleriet frå ståande til liggande, og på den måten la dagane renne bortover og danne eit hav. Den irrgrøne fargen på penselstrøka minner meg om kopar, slik som til dømes fridomsgudinna i New York-hamna er laga av. Days dripped down ll kan også minne om dadaisten Max Ernst (1891-1976) sitt måleri The Forest (1927-28), der skogen er metafor for fantasien. Max Ernst var tysk målar, skulptør, grafikar og poet. Ernst fann opp frottage og grattage, analoge teknikkar for å lage bilete. Falstad har i intervju med LNM, Landsforeningen Norske Malere (29.mai 2019) sagt at han ofte har andre kunstnarar i bakhovudet når han målar, til dømes Max Ernst og hans skogbilete, men også andre kunstnarar innan abstrakt ekspresjonisme og romantikken.

Thomas Falstad, oversiktsfoto Hjørnegalleriet K.U.K. F. AST

På motsett side heng tre ståande måleri og over dei to liggjande. Dei øvste måleria har titlane Windows ll og Windows. Dei har eit abstrakt landskap kvar det er måla to ståande rektangulære former i kvart av måleria. Dei trer frem frå kvar si sortmåla kvadrat, og ser ut som dører ein kan gå inn eller ut av, portalar til sol og blå himmel, sidan i kvart rektangel er fargen varm gul og lys blå. Er eg innesperra, på flukt eller er dette vegen til fridom og håp? Kanskje ein alternativ veg til det ukjente, ei forandring. Eller er rektangla meint som ei lyskjelde til ei dramatisk ytre eller indre verd? Måleria gjev meg assosiasjonar til barndommen då eg såg bror min spela dataspelet Tom Clancy’s Rainbow Six kvar han fekk i oppdrag å løyse gisselsituasjonar med å planleggja korleis han skulle entra ein bygningen basert på kart over bygningen. Han måtte også velja metode, taktikk og utrustning til alle i teamet. Eg veit ikkje kva som ventar meg om eg trer inn i rektangla og kva metode, taktikk eller utrusting eg bør ha med meg.

Thomas Falstad Tyrant’s garden lll, K.U.K. F. Haugen/AST

Dei tre nederste bileta ber namna Tyrant’s garden lll, lV og II. Oversett til norsk blir det tyrannens hage. Nedst i kvar biletflate liknar det at det er plassert eit basseng, eit hint av arkitektur i den kaotiske billedflata. Det kjennes som om min synsvinkel er frå kanten av eit stupebrett, eg skal hoppe ned, men er usikker om det er vatn i bassenga, og om eg vil falle eller flyge sidan himmelen rundt ser så draumeaktig og surrealistisk ut. Den irrgrøne fargen går igjen, men her er det også felt av brennande gult, raudt, rosa og oransje.

Heile Bunkersen er óg via Falstads produksjon. Eg tykkjar draumelandskapa til saman fungerer bra i dette og førre rom. Landskapsmåleri går igjen og Falstad er ikkje redd for å bruke kunsthistoriske referansar. Det kunne fort ha blitt patosfylt og pompøst, men eg tykkjer at han balanserer det fint med også å dra inn element frå den moderne, digitale verda. Som nemnt tidlegare gjev desse rektangulære og kvadratiske felta i måleria ei brytning som skapar spenning og kjennes digitale ut. Som om ein surfar på internett med mange vindauge ope på ein gong.

I Bunkersen heng blant anna ei serie med 16 små måleri montert i kvite rammer. Måleria består av olje og voks på papir. Bileta er fordelt på to rekker over kvarandre. Dei ber alle tittelen Ceromancy og med tal frå 1 til 16. Ceromancy betyr å spå i flytande voks. Ein metode er å helle smelta voks i vatn. Framtida kan visstnok openberre seg i formane og bevegelsane til voksen. Eg trur Falstad har dyppa oljemåleria i flytande voks. Dette gjev ei transparent, smeltande og plastisk kjensle. Nokre av bileta ser ut som snøskred, vulkanutbrot, eksplosjonar i naturen. Fleire av måleria har ei horisontal linje, som gjev ein forgrunn og ein bakgrunn, eit landskap. Eg tykkjer at Ceromancy 1 kan gje assosiasjonar til Stetind i tåke (1861) av Peder Balke (1804-1887). Kunstnerisk ledar av K.U.K, Cathrine Hovdahl Vik, fortalde óg på pressevisninga at Balke er ein av mange referanse i Falstad sine verk. Balke var ein norsk målar som vart kjend for sine landskapsmåleri med romantiske og dramatiske naturskildringar, blant anna av Nord-Norge. Falstad er busett i Lofoten. På internett kjem eg over at verk av Falstad vart vist parallelt med utstillinga Peder Balke: Visjon og revolusjon på Nordnorsk kunstmuseum i 2014. På den måten vart to kunstnarskap satt i dialog med kvarandre, der landskapets visjonære dimensjonar vart aktualisert.

Thomas Falstad, Old math III, K.U.K. F. Haugen/AST

Ein anna ting som er viktig i Falstad sine målingar er struktur. Det kan vera at han tilfører ei masse som sand, voks, sagspon eller størkna oljemåling frå ein målepalett og måler over. Dette er godt synleg i verka Old math lV og Old math lll som er to måleri i ståande format til venstre i Bunkersen. Sjølv om bileta er abstrakte synes eg å skimte tenner, skjeletthovud, blodregn, eksplosjon, hud, kropp og får assosiasjonar til krig og dataspel. Nokon felt i målinga er svarte ruter, kvar tilført masse som sagflis gjer at det svarte ser ut som mold og jord. Mellom Old math lV og lll heng måleriet Old math ll, med fyrste augekast tenkte eg på å vera under havet sidan det er blå og mørke felt, men då eg såg på det ein gong til likna det ein kyrkjegard om natta.

Fleire av verka i Bunkersen har altså same namn som verka frå Hjørnegalleriet, omtalt innleiingsvis. Eg tykkjer det fungerer bra at bileta i same serie er bryte opp og plassert i dei forskjellige romma, dermed gjev det ei gjenkjenning. Medan om Ceromancy-verka, skulle eg ynskje at dei var utan ramme, sidan eg følar rammene lukkar dei inne, det har kanskje noko med at dei er skjøre og må rammast inn. Likevel, utan ramme hadde framtidsspådommane vore meir fri. Ein kunne også med fordel ikkje hengt dei så strengt i ein rutenett formasjon, men fordelt dei utover i utstillinga. Eg har det på same måte med verka Days dripped down ll og lll, dei får i overvekt eit gamaldags preg med å ha ramme i jern og tre.

Vast past har eit sus av fortid, notid og framtid. Den lykkes med å aktualisera måleriet både i form, men også ved val av teknikk. Utstillinga gjev meg moglegheit til å drøyme meg bort litt sånn neo-romantisk kvar interne kjensler og fantasi har stor betydning. Tittelen på utstillinga kan omsetjast til enorm fortid, eller storhetstid. Eg trur det spelar på draumar, røyndom, mentale tilstandar og historie. Ruinar er for alltid og til meir du grev, til meir vil du finna.

Vast past
Thomas Falstad
17.09 – 30.10 2022
Kjøpmannsgata Ung Kunst