Sisterless – ArtScene Trondheim


Sisterless

Minikritikk, 29.03.2023

Yaniya Mikhalina si utstilling Sisterless opna på Trondheim kunstmuseum i mars, kvar ho viser to videoinstallasjonar, ein dokumentarfilm og eit fotografi. Mikhalina er ph.d.-stipendiat ved Kunstakademiet i Trondheim. I dei politiske verka etterlys ho kvinner si stemme og feminisering som botemiddel mot valdelege og imperalistiske statar. 

Ein gamaldags Philips-TV står på ein pidestall. På skjermen kjem folk inn i eit rom, som ein photo booth, og trur seg til meg, eller er det til styresmakta? Nokre verkar brydd og stressa, ikkje heilt tilpass. Dei har på vinterklede, nokre med pelsluer og boblejakker. Innsida av rommet dei trer inn i er gult, og eg kan ikkje la vera å leggje merke til at bak TV-en heng det eit blått forheng frå taket og ned til golvet. Det gule og blå hintar til det ukrainske flagget. Det er tilsynelatande eit eldre opptak som blir vist, og den eine av personane fortel at han fekk beskjed om å fortelje landet sitt kva han tenkjer. Til det svara han “kva for eit land?”. Verket heiter Comrades, How Long Will You Torment Us? (2022). Det består av opptak frå 1991-1993 av det uavhengige, russiske TV-programmet Publicity Booth, som filma bebuarar i post-sovjetiske stader og bad dei tru seg om sitt syn på politikken.

Yaniya Mikhalina, Sisterless 2022. TKM

Dokumentarfilmen Sisterless er via eit eige rom i utstillinga og følger den tragiske skjebnen til to søstrer, Albina og Almira. Filmen startar med lyden av elektronisk musikk med dramatiske beats i ein suggerande rytme, som eit bankande hjarta. Ei dame, Albina, går i joggesko og kvit kjole i eit rom med speglar og raude søyler. Det bytar til at ein ser utover eit landskap frå eit tog i fart. Albina si stemme fortel, medan me ser at ho skriv med peikefingeren sin på innsida av togvindauge. Me får vita at søstera til Albina, Almira, sleit med psykose og tok sitt eige liv då Yaniya Mikhalina var kome halvvegs med filminga.

Albina seier at ho tidlegare ville bli noko i livet og studerte psykiatri for å bli psykoanalytikar. I neste scene ser me at ho går opp nokre trapper til det gigantiske monumentet Motherland Calls. Kvinnefiguren held handa heva med eit sverd, klar til å kalle til kamp. På toppen tek Albina nokon drag av ein el-sigarett. Me ser at ho også held monumentet som eit lite suvenir i handa si. Kamera filmar nærme den kvite blusen hennar og me skimtar bh-en under. Albina fortel at ho gav opp studie og byrja med live-strømming av porno. Ho sat tre til fire timar ved sida av ein peis og såg inn i kamera med halvgjennomsiktige klede. Det var då ho byrja å sjå seg sjølv utanfrå. Me høyrer Albina snakke, men for det meste ser me ho ikkje snakke i filmen, ho ser også sjeldan i kamera. Eg blir uroleg dei få gongene ho ser rett på meg, det kjennes som å bli konfrontert. Etter at ho har mista søstera si, byrjar ho sjølv å slite med psykoser. Me får høyre om ei psykose ho hadde: Ho var heilt sikker på at ho var skuld i båe eksplosjonen i Beirut og koronaviruset, og alle dødsfall som ein konsekvens av det. Me ser når ho søv, me ser klipp frå då ho var barn, pynta til bursdagsfest og dansande og smilande til kamera med kjole og stor sløyfe i håret. Ho fortel at ein plass ho vart utskriven frå vart ho råda til å spørje folk om dei ser det same som ho, når ho har psykosar, for å bekrefte innhaldet i syna og virkelighetsforståinga hennar. 

Filmen Sisterless skal være basert på samtaler Yaniya Mikhalina hadde med Albina Garifullina over ein periode på 2 år. Fire månader etter filmen var ferdig, og nokre månader etter Russland sin invasjon av Ukraina, skal deretter Albina ha teke sitt liv ved monumentet me ser i filmen. Sjølv om dokumentarfilmar gjerne viser autentiske personar, miljø og hendingar, er dei óg ein kreativ bearbeiding av røynda. Filmmediet er gjerne nytta i propaganda, blant anna av sovjetiske leiarar. Lenin har uttalt at filmen gjennom sin påvirkningskraft var den viktigaste av alle kunstartar og Stalin ynska kontroll over bilete av røynda. Mikhalina peiker på si side kameralinsa mot ei alternativ historie. Men blir dette ei utnytting og kapitalisering av to tragiske skjebner? Det kjennes morbid. Nokon har mista to døtrer. Er filmen rettferdiggjord når det i byrjinga av dokumentaren står at for Albina var det viktig å bli ferdig med filmen og få hennar historie høyrd? Eller at det også står “Til Albina og Almira, og alle kvinner som døyr av å vera kvinner”? Kan ein teoretisera det bort? Eller skin røynda gjennom?

Yaniya Mikhalina, Sisterless 2022. TKM

Å feminisere er viktig for Mikhalina. I dette tilfelle vil det seia å lytte til andre og at ein skal føle omsorg. Dette skriv ho i She Who Documents, som er ein katalogtekst til utstillinga. Spørsmålet er om ein bør bygge opp under slike stereotypiar. Om ein gjer det blir det veldig begrensande og basert på tradisjonelle kjønnsroller. Mitt eiga blikk er heilt klart påverka av filmhistoria kvar kvinnekroppen ofte blir filma for å skapa eit mannleg begjær. Dermed finn eg det litt problematisk at filminga hennar er slik at sjåarane observerar Albina og at ho for det meste ikkje ser i kamera. Sjølv om stemma hennar er som ein voice over, trur eg ho ville virka meir aktiv om me også såg at ho snakka – at ho sjølv var delaktig i å fortelje si historie. Men her er det kanskje eg som ytar ei motstand. For Mikhalina vil vise korleis kvinner og tatarar i eit post-sovjetisk land ikkje har eigne stemmer, og det er nettopp det denne dokumentaren ynskjer å gje dei. Med filmen ynskjer ho at me skal sjå at psykiske lidningar som til dømes psykosar ikkje er ein subjektiv sjukdom, for filmskaparen er det ein tilstand for heile samfunnet. Det gjer meg vondt at Albina tek på seg skuld og skam for ting ho ikkje kan noko for, at hatet går innover i staden for utover, og at det dermed kan bli umogleg å leva med. 

Yaniya Mikhalina, Sisterless 2022. TKM

Bloody Motherland er eit fotografi av Motherland Calls-figuren Albina held i handa i filmen Sisterless. Fotografiet er tapetsert på den eine veggen i museet og måler 3,7 x 2,8 meter. Det originale monumentet står i Volgograd. Tuppen av sverdet er på biletet farga raudt av leppestift. Denne typen politiske verk kan bli litt for tydlege og klisjé. Det står i utstillingsteksten at det raude refererer til blod, men óg at raud leppestift var ein antikrigs-gest under andre verdskrig. Eg har tidlegare intervjua Lali Pertenava, ein kunsthistoriker som spesialiserer seg på moderne russisk og postsovjetisk kunst i Georgia. Ho kunne fortelje meg at då Stalin døyde, bestemte Nikita Khrusjtsjovs regjering seg for å erstatta Stalin-monumenta med monument av republikkens mor: Mother of Georgia, Mother of Armenia, og så vidare. Dei ynskja å skape og understreke ein feministisk kultur i Sovjetunionen, opne kjønnsmedvettet og erstatte det patriarkalske med dei feministiske mødrene som levde det sovjetiske livet. I Sisterless fortel Albina om eit seksuelt overgrep ho vart utsett for, medan det me ser filma er roser og særskilt ei rose med spindelvev. Rosa er også ein klisjé, men med tanke på kva som blir sagt medan me ser rosene er det eit kontrastfylt bilete. Eg går ut frå at dette er del av Mikhalina sitt ynskje om å feminisera, det same med leppestiften på sverdet. 

Kva er endra om ein berre fjerner eit monument av Stalin og set opp monumentet Motherland Calls? Kva med alle ubehandla traumer? Historia byrjar ved mounumentet og sluttar der. Som ein endelaus sirkel med ingen utveg. Albina heva ikkje sverdet til kamp, men hennar historie og Mikhalina sin dokumentarfilm er kanskje ein måte å vise den indre kampen som tok overtaket og vart umogleg å leva med. 

Sisterless
Yaniya Mikhalina
TKM Bispegata 11.03.–23.04.2023