Samtidsstress – ArtScene Trondheim


Samtidsstress

Minikritikk, 19.04.2022

Lister i svart stål dannar til saman eit oktogon, det vil seie nesten, sidan to sider er utelatt og gjer at eg kan gå innanfor og stille meg i sentrum av stålstrukturen. I augehøgde er det montert fire nettbrett på kvar av dei seks sidene. Til saman tjuefire nettbrett. Dei vender alle mot meg og engelske ord, eit og eit om gongen, visast i rasande fart på kvar skjerm. Det går så fort at det er vanskeleg å lese orda; ein ser skuggen av det forrige ordet innan det nye kjem, sidan dei overlappar i eit så hurtig tempo. 

Tittelen på verket er Mortal Combat, og det er ein del av utstillinga Performance anxiety av Samuel Brzeski på Babel visningsrom for kunst. Performance anxity er og fyrste utstilling på programmet til Meta.Morf 2022, Trondheim internasjonale biennale for kunst og teknologi. Kanskje hintar Brzeski til at dette blir ein kamp, eit kappløp om å lesa fortast. 

Foto: BABEL / Susann Jamtøy

Nettbretta brukar hurtiglesnings-applikasjonen Spreeder til å lesa bøker frå ei liste på «100 Books to Read Before You Die». Bøkene lesast med applikasjonens høgaste innstilling på 5000 ord per minutt. Ved vanleg lesing kan eit menneske lesa ca. 250 ord per minutt. Dette er i form av subvokalisering kvar ein les kvart ord, eit og eit, inni seg. Det er mogleg å øve seg opp til å lesa 700 ord per minutt, men då må ein lese på ein annan måte. Det er ei meir visuell form for lesing kvar ein ikkje les orda inni seg, men forstår betydinga av orda. Det er delte meiningar om kva denne hurtiglesninga gjer med leseopplevinga og forståinga av det ein les. I dette tilfellet er det vanskeleg å få ei formeining om innholdet, siden det berre blir tilfeldige ord eg klarar å plukke opp. Som ein lesesirkel på speed. 

Ein reknar planforma oktogon som egna for preiker, akustisk sett. Difor har fleire kyrkjerom denne planforma. Frå nettbretta kjem det derimot ikkje eit ord. Ifølgje Store Norske Leksikon er åttekanten ein mellomting mellom kvadrat og sirkel, kvar kvadratet symboliserer jorda og sirkelen himmelen. Åttekanten  symboliserer dermed åndeleg gjenføding og difor har døypefontar i kyrkjer ofte denne forma. Kanskje oktogonet i denne utstillinga, med alle sine nettbrett, prøvar å hjelpe meg til å overkskrida mine eigne leseevner; la meg transendere til noko betre, ikkje ulikt trua til transhumanistane som vil nytte teknologi til å forbetra menneskekroppen. 

Foto: BABEL / Susann Jamtøy

Lenger inn i lokala er det plassert ein flatskjerm på høgkant kvar ein tekst visast i delar på tre-fire ord om gongen. Eg høyrer nokon som teljer, men det samsvarar ikkje med teksten på skjermen. Stemmen teljer «one, two, three», om og om igjen. I blackboksen vegg-i-vegg er det ein liknande skjerm som viser orda «one two three». Medan her høyrar eg stemma lesa teksten som var på flatskjermen i førre rom. Eg klarar å fange opp at det som blir sagt handlar om lesing på ein eller annan måte. Stemma snakkar engelsk og er frå eit menneske, eg tenkjer kanskje det er kunstnaren sjølv som les. Stemma står i kontrast til det digitale fordi den er mjuk og djup. Eit triks for å unngå subvokalisering er nettopp å telje «one, two, three» medan ein les, slik at ein skal lure seg sjølv til ikkje å bruke tid på å forme orda. Sjølv klarar eg ikkje lese teksten på den fyrste skjermen, for eg blir stressa av teljinga som ikkje er mi eiga. 

Det er ein einvegskommunikasjon i denne utstillinga, og eg har vanskeleg for å gripe verka. Det er ikkje lett å ta innover seg ein tekst som skal lesast på same tid som ein blir forstyrra av at nokon tel høgt. Denne forvirringa går eg ut frå er intensjonen med utstillinga: At eg som publikum skal bli overvelda og kanskje få prestasjonsangst, slik utstillingstittelen peiker på.

Foto: BABEL / Susann Jamtøy

Utforminga av utstillinga kjennes nøye gjennomtenkt og den er estetisk tiltalande på ein høgteknologisk, glatt måte. Ein liten detalj, som å la dei svarte skøyteleidningane til skjermbretta ligge kveila som lekker lakris i spiralform på golvet, er ein fin touch. I staden for å skjule så mykje som mogleg av leidningar, lar ein det vera synleg som ein viktig del av heilheita. Inntrykka i denne utstillinga er likevel så valdsame at det er vanskeleg å fordøye dei. Eg kjenner på mine begrensningar som menneske og kor viktig bevissthet, forståing og meining er. 

Eg vil avslutta med ei fri gjendikting av skulelæraren Evelyn Wood, som gjorde begrepet hurtiglesning kjend på 1950-talet: «Å lesa er ikkje meir enn symbol på ei side, assosiert med ting me allereie veit». Eg vel å lese utstillinga som ein kritikk mot forbrukersamfunnet kvar ein skal konsumere ting i eit høgt tempo. Kor mykje får ein eigentleg ut av det? Kan hende er det betre for alle partar om ein tek det litt langsamere og fokuserer på det me allereie har.

Tenk å bruka opp ei bok på tre minutt, for så å måtte kjøpe ei ny. 

Samuel Brzeski
Performance anxiety
1. – 24. april 2022
BABEL visningsrom for kunst