Och nu är allt ett minne – ArtScene Trondheim


Och nu är allt ett minne

Minikritikk, 10.03.2022

Raude lysrøyr i taket utanfor lokalet visar veg inn i utstillinga En saga från igår av Charlie Fjätström. Kunstnaren har tatt over det lille popup-visningsrommet til Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K). Inne i lokalet er det også raude lysrøyr, desse står lent på skrå inntil veggane og lyser opp tre utvalte hjørne. Det raude lyset gjev assosiasjonar til eit mørkerom kvar bilete blir framkalla og peikar såleis på prosessen korleis verka i utstillinga har blitt til.

Kunstnaren har tatt bilete av gamle familiefotografi med eit storformatkamera. I kopieringsprosessen har det blitt teikna med fiksering med ein brei pensel på papiret. Det som har blitt teikna over blir synleg når det etterpå blir belyst. Det som ikkje er blitt måla med fiks blir svart. Fiks er gjennomsiktig, så ein ser ikkje kva ein teiknar. Resultatet blir difor ofte ei overrasking.

Seks av fotografia er ståande portrett av menneske og eit er eit liggjande fotografi av eit hus. Alle verka er i formata 100 x 125 cm med svarte trerammer utan glas. Valet med å ikkje bruke glas i rammene gjer at ein kjem tett på verka, og på same tid blir eg litt uroleg for at støv skal feste seg på dei. 

Charlie Fjätström, Gammelmorfar. F: Charlie Fjätström

I tillegg er det to andre fotografi i utstillinga. Det eine er eit ståande bilete, heilt svart og utan ramme. Det andre består av ståande fotopair i storleiken A3 satt saman i eit rutenett av 5 x 6 stykk, totalt 30 biletdeler som til saman er med på å danne eit familieportrett av fem personar. Framkallingsprosessen gjer at det ser ut som om familiemedlemmane har blitt gnidd fram, eller på ein måte måla fram. Tjukke strekar avdekkar dei alvorstunge ansikta til familien medan resten av biletflata er mørk. Verka er prega av ei malerisk, akvarellaktig kjensle. 

I alle verka er det berre nokre delar av bileta som er synlege. Det kan vera eit smil, slik som i Gammelmorfar – Smil, eller auge, slik som i Mormor. Det er faktisk i bileta eg tek av verka med mobilkamera at eg etterpå skimtar konturen av heile ansikta som er portrettert. Dette får meg til å reflektere over korleis minne fungerer, at hugsen er ufullstendig. Dei svarte overskyggingane i bileta kan symbolisera hol i minna. Overskyggingane gjer også at eg aktivit må bevege meg rundt i utstillingslokalet og stå med riktig avstand for å kunne skimte “heile” bileta.

Er utstillinga ei omarbeiding av kunstnaren sine minner? Kanskje symboliserer dei fragmentariske fotografia ein tapsprosess kvar meir og meir av hugsen svinn hen og blir gløymd. Korleis var det nå igjen stemma til besteforeldra mine høyrtes ut? 

Charlie Fjätström, Mormor som barn. F: Charlie Fjätström

Kunstnaren sjølv held vakt i utstillinga og fortel at mormora hans døydde i november. Han følte han måtte gjera noko med minna som var att. Familiehuset, som har husa fem generasjonar, står no tomt. Dette huset er avbilda på eit av fotografia, det er eit alminneleg trehus som kan vera frå rundt midten av nittitalet. Fjätström meiner at huset kan vera eit kamera. Sånn sett kan ein stå inne i eit kamera, sjå kva huset ser. 

Tittelen på utstillinga, En saga från igår, er av den svenske poeten Dan Andersson og frå diktet Minnet. Heile den siste setninga i diktet er “Och nu är allt ett minne, en saga från igår”. Mange artistar har tonesatt Andersson sine dikt, ikkje minst Åge Aleksandersen. Han spela på K-U-K sitt støttearrangement “Love Ukrain. Fuck Putinsom føregjekk på same tid som Fjätström si utstilling. Kva vil bli igjen av Ukraina, blir det berre minner? 

Fjätström bind saman ei tankevekkandre utstilling, både teknisk, konseptuelt og estetisk. Eg sit att med ei kjensle av å ha vore i eit mørkerom der eg ser bilete som kunne vore av min eigen familie. Eg tenkjer på kor vanskeleg det er å halda på minner. Samstundes er det ein ambivalens her, sidan det svarte i bileta kan antyde at det finst minner ein ynskjer å gløyme. 

Charlie Fjätström
En saga från igår
Kjøpmannsgata ung Kunst (inngang Dronningens gate)
3. – 13. mars 2022