Velforma visuell mumling – ArtScene Trondheim


Velforma visuell mumling

Kritikk, 26.11.2026

Med utstillinga Palimpsest – Tavler & tegn har ein nestor i norsk kunstverd fått plass i Galleri Ismene i Trondheim. Ole Lislerud sin kvadratiske språkleik trekker båe på trykkekunsten si historie og bits frå vår digitale kvardag, alt med ein avgrensa form og fargepalett som opnar opp tolkingsrommet og galleriet.

Lislerud er ein kunstnar med eit stort etos, ein som både har stilt ut, vorte kjøpt inn og har utsmykka bygg verden over. I Trondheim finn du han i samlinga til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og i utsmykkinga hjå NTNU Kalvskinnet.

Kalligrafikafé

I forrommet hos Galleri Ismene på Ila, er det først ein rekke kalligrafi-verk som møter publikum. Verka har ein enkel fargepalett beståande stort sett berre av sort blekk på kvitt papir, med tidvise innslag av raudt. I tillegg er dei alle gjennomgåande i kvadratisk form, noko som gjev det heile eit tydeleg format frå start. Samlingar av tre bokstavar, som Lislerud etterkvart har vorte kjend for, går igjen i verka, henta både frå der kor alfabetet opnar – ABC – eller ender – ÆØÅ. Kalligrafien er måla med breie strøk i sort blekk, og sjølv om desse bokstavane gjer konteksten tydeleg norsk, nikker verka til den tradisjonelle kinesiske eller japanske kalligrafikunsten. Dette er særleg tydeleg i innslaga av raudt i dei små kvadratiske stempla, som speglar verket si form i miniatyr og minner om typiske signaturstempel frå tresnitt eller kalligrafiverk.

Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Kristian Stamnes Lillenes

Bileta i denne første hallen heng svært lavt på veggane, men til gjengjeld er taket her inne berre knappe to meter høgt. Rundt hjørnet er bileta plassera rett over galleriet sine kafébord, kor publikum kan sitje og studere kunsten og vurdere å handle i den vetle museumsbutikken. Lokalet  her er ikkje utforma som eit klassisk galleri, og det kjenst meir ut som å stige inn i nokon si stove, som igjen gjer heile opplevinga meir intim og menneskeleg.

Denne første delen av utstillinga er det Lislerud kallar for «Æ-series», som er ein rekke kalligrafiverk bringa fram på ulike papirtypar; nokre tynne papyrusaktige, som nesten ser handlaga ut, andre på det som openbert er arkivmateriale, med gotisk skrift, blyantstrekar og noter i margen. Her speler Lislerud tydeleg på palimpsest-omgrepet frå utstillinga sin tittel, som opphaveleg på gresk (palimpsestos) tyda å fjerne tidlegare tekst og slik kunne bruke pergamentrullar på nytt, med nytt innhald. Lislerud sine svarte strekar over dei antikverte frakturane vert slik eit visuelt uttrykk bygga oppå eit anna, allereie eksisterande eitt. Denne historiske dimensjonen får også vekt av at det står ei mekanisk trykkpresse ved inngangen til rommet.

Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Kristian Stamnes Lillenes

Ei digital røynd

Dei mest slåande av verka finn vi lengre inn i lokala, kor den vetle stua opnar seg opp til eit meir klassisk galleri med høge, kvite veggar og takvindauge som slipp dagsljoset inn. Her møter dei større, meir monumentale verka oss, noko som også reflekterast i verkstitlane som mellom anna tematiserer språket si endring, makt og død. Dei meterhøge akrylmåleria med innslag av krot med oljestift fyller rommet godt.

Verket Digital Folkemord har eit mønster som gjer at den vante kvadratiske forma ved første augekast kan minne om ein QR-kode. Nokre sekund går, og eg undrar om stripene til høgre i mønsteret kan vere fabrikktårn? Kanskje skyskraparar? Øvst i hjørnet ser vi igjen tre bokstavar i kjend stil, men denne gongen står det «CSV», som er filformatet («comma-separated values») brukt for å sortere ei større mengd med tabelldata som rein tekst. Formatet minner også om korleis ein lister opp offer for til dømes terrorangrep eller nettopp folkemord, som tittelen peiker på, med namn og alder på dei omkomne åtskild med komma. Heile menneskeliv omgjord til tal og data.

Nokre av dei neste verka er gjort i slåande blått, og minner om ein klassisk blåskjerm; feilmeldinga som møter deg på datamaskina når det er skjedd ein alvorleg systemfeil. Oppe på mesaninen heng nettopp måleriet Blå synopsis, som også er det einaste av verka som implementerer ei anna farge enn dei fire frå hovudpaletten – nemleg gul.

Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Ole Lislerud

Midt på lerretet er det trekt ei stipla raud line, som deler motivet i to distinkte delar, ein med repetitivt skribling og ein med det som kan minne om ei forenkla landsskapsscene. Det er her vi ser dei sarte, okergule linene som lager ein horisont i verket og slik tilfører ein ny dimensjon. Midtlina skil støyen frå stilla, og på venstre side skimtast ei rekke raude vertikale liner. Er det blodig regn eller tellestrekar frå ei fengselscelle? Igjen tenkjer eg på menneskeliv nedverdiga til nummer i ei rekke. I bakgrunnen skimtar vi igjen det skjematiske «ÆØÅ», men her vert desse spisse bokstavane nesten som silhuettar av fjell og slik ein dobbel kommentar på det norske språk og natur.

Dei mest openberre referansane, utanom tradisjonell kalligrafikunst i seg sjølv, er nok Jackson Pollock og Mark Rothko, som med kvar sin komplekse enkelheit uttrykka det uforståelege ved menneskelege krigshandlingar ifrå si eiga tid. Lislerud sine verk unngår samstundes å verte redusera til etter­likningar på denne retninga, og slik vert han også ein kulturell palimpsest som bygger på det som kom før.

Ned trappa i galleriet finn vi måleriet Digitaltavle, nok eit verk som speler det som i vår tid har vorte QR-koden sitt umiskjennelege firkantmønster. Og her får ein auge på nok ein dimensjon ved desse tilsynelatande enkle tavlene, nemleg korleis teksturen i det vevde lerretet gjer at oljestiften som er dradd over den mørke akrylbakgrunnen mimar digitale pikslar. Det er ørsmå prikkar i flata, som kanskje også har noko popkunst-aktig over seg? Den grafiske trykkemetoden vi finn i avisene kommer også i hug, kor små prikkar i ulike fargar til saman gjev biletet rett form og farge. Dermed er vi igjen tilbake i arkivet, kor Lislerud elegant minner oss på ei lang historie av visuelle uttrykk, berre ved bruk av ein einskild strek.

Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Kristian Stamnes Lillenes

Språkets oppløysing

I kjellarrommet finn vi også dei fire einaste rektangulære verka i utvalet. I kalligrafien Æ (158×68 cm) er venstre side av papiret skravert fullstendig svart av blekk, medan det på høgre side spring ein einskild «Æ» ut frå mørket i ein dansande krusedull. Det er vanskeleg å ikkje lese motivet som eit portrett av mennesket, i Tor Ulven si ånd, kor det som skil oss frå verda elles, frå mørket, er vår trong til språk og logikk. Frå det mørke universet sin start, til det store smellet og evolusjonen, ender vi i antropocen – i menneska sin tidsalder – med tavler og teikn. Og heile virvelvinden landar for Lislerud i Noreg med språkutviklinga som har gitt oss ÆØÅ.

I tre av desse fire avlange verka er det ei tydleg, om vel krølla, line ut frå mørket til språket. Men i det siste, titulert ÆØÅ (nr. 16), er språket og bokstavane oppløyste – bokstaveleg tald slik blekk vert oppløyst i vatn. Dei typiske ÆØÅ-strekane er så og sei ikkje leselege som språkteikn lenger. Her får utstillinga nok ei opning, i og med oppløysinga av språket som kunsten ber vitne om, særleg i møte med ei stadig meir digital og brutal verd.

Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Kristian Stamnes Lillenes

Dermed vert Lislerud sine krusedullar, som stadig liknar bokstaven M i sine oppadgåande og nedadgåande strøk, meir som ei visuell mumling. Eit uforståeleg språk. Vi vert slik klar over at også der ein kan skimte tydelege bokstavar, slik som «ABC» og «ÆØÅ», er dette likevel representasjonar av meiningslause oppramsingar. Lest saman med Lislerud sin hang til matematiske formlar, klinger mumlinga eller oppramsinga fint med utstillinga sin tematikk rundt tavler og teikn, ettersom data, tal og nummer i rekka går igjen i fleire verk.

I utstillinga Palimpsest – Tavler & tegn gjev Ole Lislerud publikum eit stort rom for å tolke og tenke sjølv. Sjølv med bruken av ei fast form og ein smal fargeprofil greier han på smart vis å leie oss frå A til Å i ei visuell og trykkehistorisk forteljing, og samstundes kommentere vår digitale og konfliktprega kvardag kor menneske ofte vert redusera til tal i ei liste. 

Ole Lislerud
Palimpsest – Tavler & tegn
Galleri Ismene
29. oktober – 22. november 2026

Artikkelfoto: Ole Lislerud, Palimpsest – Tavler & tegn, Galleri Ismene. F: Kristian Stamnes Lillenes