Å tenke under press

Kommentar, Konferanse 2020, Media 04.12.2020

Kritikken og kulturtidsskrifta er i skvis mellom ein minkande marknad og aukande krav om salsarbeid og digital fornying. Kva gjer det med høvet til å tenkje langsamt?

«Sakprosakritikkens svikt» var tittelen på ein paneldebatt ved Litteraturhuset i Oslo 8. oktober 2020­.1) Utgangspunktet var ein påstand Tore Rem hadde sett fram i ein artikkel om den såkalla Æresrettsdebatten2): At svikt i resepsjonen av to bøker, Dag Solhjell og Hans Fredrik Dahls Men viktigst er æren (2013) og Peter Normann Waages André Bjerke – I kampens glede (2018), kan ha blitt avgjerande for at Forfatterforeningen hausten 2018 valde å orsake straffereaksjonane som Forfatterforeningens æresrett påla 17 forfattarar i etterkrigsoppgjeret. Rem skriv:

Hadde Waages Bjerke-biografi blitt møtt med en normal-kritisk respons, med påpekninger av at det ene var feil, det andre galt, at dette manglet, at fortolkningene var vridd, at kildene ble ukritisk behandlet, at det, kort sagt, handlet om en sterkt selektiv form for historieskriving, ville beklagelsen kanskje ikke kunne vært framsatt – gitt at dette verket synes å ha blitt så sentralt for både ideen til, begrunnelsen for og gjennomføringen av beklagelsen. Og hadde Solhjell og Dahls bok i det hele tatt blitt anmeldt av kvalifiserte historikere, ville motforestillinger formodentlig kommet fram. Kanskje ville festkomiteen da aldri fått ideen om den storslåtte beklagelsen.

At Forfatterforeningen kunne ha handla annleis om akkurat desse bøkene i større grad hadde blitt motsagt offentleg, er ein spekulasjon ein ikkje treng å vere samd i, men det er sjeldan ein ser så konkret formulert kva følgjer svekking av den profesjonelle kritikken kan få.

Kritikaren held offentlegheita informert om det som rører seg i kunst og kultur, og blir av nokre også rekna som ein «medskapar» gjennom sine kvalifiserte tolkingar. Men det viktigaste kritikaren bidrar med, er kvalitetsvurdering, noko som ikkje berre handlar om estetikk, men om å granske tankegods og påstandar som potensielt kan prege vår sams forståing av både av fortida, samtida og framtida. Dette gjer kritikaren på vegne av fellesskapen, og resepsjonen kan altså bli avgjerande for det vidare livsløpet til det einskilde kunstverket, og – ikkje minst – forteljingane, ideane og verdiane det inneheld.

Når Rem påstår at kritikken er svekkja, er det altså fordi bøkene har fått for få og for overflatiske vurderingar. I debatten på Litteraturhuset fekk spesielt to utviklingstrekk skulda for dette: Avisene nedprioriterer kritikk, noko som viser seg i låge honorar og færre trykte meldingar. Det er ei utvikling Kritikarlaget har åtvara mot i mange år, og den er grundig dokumentert og debattert tidlegare. I tillegg blir publisering i internasjonale tidsskrift verdsett høgast i akademia, slik at akademikarane nedprioriterer å drive med kritikk. Dette rammar kritikken på kunstfelta så vel som sakprosakritikken.

Så om ein vil ha meir kritikk i avisene og fleire høgt kvalifiserte kritikarar i aviser og tidsskrift, er det første svaret å reversere desse store, strukturelle vilkåra – og det verkar jo som ei uoverkomeleg oppgåve. Spørsmålet blir dermed kva vi kan gjere for å dytte utviklinga i rett retning; for å styrke tidsskrifta og kritikken, og for at denne delen av kulturlivet skal nå og engasjere fleire. Eg startar med å seie noko om tilstanden på kritikk- og tidsskriftfeltet etter eit år med koronapandemi. Så tar eg for meg to store, strukturelle endringar som har skjedd dei siste to åra, før eg foreslår tiltak eg sjølv har trua på.

Honorarnivået

Eg har vore i kontakt med ei rekkje tidsskriftredaktørar og kritikarar (dei fleste har begge rollene) for å innhente erfaringar og vurderingar. I tillegg har eg snakka med nøkkelpersonar i dei viktige organisasjonane på feltet.

Dei fleste redaktørane seier at dei enten brukar satsane for kritikk som Kritikarlaget tilrår, eller har det som mål. Nokre seier at dette er urealistisk å få til med deira budsjett. Somme gir lågare satsar til skribentar som har lite erfaring og dermed krev tettare redaksjonell oppfølging, andre ser det som eit poeng å gi høgast honorar til dei lite etablerte som har færre inntektskjelder. Mange av dei minste tidsskrifta har ikkje budsjett til å honorere skribentane i det heile. Nokre prioriterer det framfor løn til redaksjonen.

Dermed kan honoraret for kritikk i 2020 variere frå 0 til over 7000 kroner (til dømes har Prosa betalt opp til 7500 for ekstra arbeidskrevjande bokmeldingar). Dei dårlegast betalte oppdraga er slett ikkje alltid mindre arbeidskrevjande enn dei best betalte. Essays og fagartiklar som krev fordjuping er endå dårlegare honorert sett i forhold til arbeidsmengda. Konsekvensen er at det er umogeleg å leve av frilanskritikk aleine. Dette var utgangspunktet før koronapandemien.

Koronaeffekten

Det siste året har mange kritikarar mist inntekt på grunn av koronarestriksjonar, men variasjonane er store. Dei som har mist flest oppdrag er dei som melder scenekunst. Også kunstutstillingar har måtte stenge, og alle kritikarar som vanlegvis har oppdrag som ordstyrarar eller deltakarar i paneldebattar, har tapt pengar. Litteraturkritikarane har merka mindre enn andre. (Eg vil tru at det også går bra for film- og seriekritikarar, gitt at dette er populært stoff i avisene).

I denne situasjonen har det å ha fleire bein å stå på økonomisk, som det låge honorarnivået har gjort naudsynt for dei fleste kritikarar, faktisk fungert som buffer mot konsekvensane av pandemien. Noko liknande er tilfelle for kulturtidsskrifta.

Nokre av dei største aktørane, og då spesielt nettidsskrift,  har tapt summar i hundretusenkroners-klassen av at annonsemarknaden har skrumpa inn. Ifølgje tall Tidsskriftforeningen har innhenta har rundt 10 tidsskrift fått kompensasjon for bortfall av inntekter gjennom Medietilsynet. For papirtidsskrifta, og då særleg dei med små opplag, har annonseinntektene gått ned gjennom fleire år, og dermed var det ikkje mykje igjen å tape i koronaåret. Éit tidsskrift fortel om færre publikasjonar enn vanleg, og det er grunn til å tru at dette kan gjelde fleire, særleg i redaksjonar der ein baserer seg på ubetalte eller lågt honorerte frilansarar.

Nokre tidsskrift har ein sterk eigar i ryggen, for dei andre er det drift- og produksjonsstøtte, og til og med 2019 også innkjøpsordninga, som har vore den desidert viktigaste inntektskjelda. Dermed er tidsskrifta også lite sårbare for konjunktursvingingar – i alle fall så lenge feltet ikkje blir nedprioritert på statsbudsjettet. Enn så lenge går det oppover: Av dei 50 millionene som Norsk Kulturfond fordeler av stimuleringsmidlar frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien, er fem sett av til tidsskrift og kritikk.3)

Om delar av det private næringslivet kan kallast rovdyrkapitalisme, så er den statsunderstøtta kulturverksemda altså meir å rekne som husdyr i heimen. Redaktøren og kritikaren skal vere frie og uavhengige, men er meir hund og katt enn ulv og løve. Eller – vi er vel nyttedyr? No melkar eg metaforen, men dei magre kåra til tidsskrifta er samtidig relativt trygge – så lenge ein har velviljen til pater familias.

Tidsskriftidentiteten

«[T]idsskriftfeltet er svakt, men selvbevisst», kan ein lese i boka Kulturtidsskriftene. En analyse av kulturtidsskriftene i Norge.4) Det er ein viss komikk i dette, og den blir berre forsterka når skildringa vidare inneheld karakteristikkar som «stabilt ustabilt» og «non-commercial by intent». Vi som driv med kritikk og tidsskrift kan bli oppfatta som ein gjeng sjølvgode forståsegpåarar, overtydde om at mangel på folkeleg appell berre bekreftar at vi veit meir og betre enn andre. Samtidig har forsking på sektoren gitt god grunn til slik sjølvtillit. Haldninga blir best oppsummert i dette sitatet frå Eivind Røssaak: «Kulturtidsskriftenes betydning for kulturen kan antakelig ikke overvurderes.»5)

Kulturtidsskriftene legg vekt på at tidsskrifta rekrutterer og lærer opp nye stemmer til kritikken og kultursektoren generelt. Elles er tidsskrifta mest lovprisa for sein og grundig refleksjon som tilfører debatten nye perspektiv ved å sjå på dei lange linjene, og ikkje alltid skjele til det aktuelle. Men korleis er eigentleg vilkåra for denne grundige refleksjonen no for tida? Er definisjonen av tidsskriftet i endring?

Dette vart diskutert på Tidsskriftdagen 5. november 2020. Inntrykket etter å ha delteke der, er at mangfaldet er større enn nokon gong, men at det er eit press i feltet mot å utvikle nettstrategi og nå publikum på fleire plattformer. Det presset har blitt endå meir uttalt etter at koronapandemien gjorde det umogeleg å gjennomføre tradisjonelle paneldebattar og lanseringsarrangement.

Nyleg fekk vi vite at det tradisjonsrike litteraturtidsskriftet Vinduet legg om frå papir til digital publisering etter 75-årsjubileumet i 2021. Etter at rapporten Kulturtidsskriftene kom ut i 2018, har det skjedd to ting som kan påverke fleire til å ta det same valet – men det har også dukka opp eit initiativ designa for å motverke denne tendensen.

Vegen til lesaren

Våren 2019 tok distributøren Tidsam 30 tidsskrift ut av Narvesen-hyllene – eit av dei var Prosa, som har mange abonnentar, men lite laussal. Sjølv om laussalet minkar, er dette faktisk noko tidsskrifta sparar pengar på.6) Distribusjonen til Narvesen, som i utgangspunktet var dyr, vart vesentleg dyrare då hovudkontoret flytta til Sverige.

Den andre viktige endringa er at Kulturrådet frå januar 2020 la ned innkjøpsordninga for tidsskrift og erstatta den med ei ordning der folkebibliotek får subsidiert 75 prosent av abonnementsprisen. Dermed er det opp til tidsskriftredaksjonane å overtale dei 430 biblioteka som tidlegare var med i innkjøpsordninga, til å teikne abonnement. Men eg har ikkje høyrt om nokon som har nådd 100 subsidierte abonnement, og dei fleste ligg truleg godt under 50. Salsarbeidet vart hemma av at biblioteka stengde ned i vår som smittevernstiltak, men det har nok vore like avgjerande at redaksjonane ikkje har kapasitet til å gjere jobben. Det er heller ikkje optimalt for folkebiblioteka å bli utsett for salsframstøyt frå alle landets kulturtidsskrift.

Fellesnemnaren for dei to store strukturelle endringane på feltet etter 2018 er at det har blitt vanskelegare for kulturtidsskrift på papir å få merksemda til lesarar som ikkje abonnerer eller kjenner til dei frå før, og at tilgangen har blitt tilsvarande dårlegare for lesarane, spesielt for dei med dårleg økonomi. Det kan akselerere utviklinga mot at fleire tidsskrift blir reine digitale publikasjonar – med mindre ein raskt finn alternative løysingar.

Tekstallmenningen – redning for dei mellomstore på papir?

Då omlegginga frå innkjøpsordning til subsidierte bibliotekabonnement vart varsla hausten 2019, var Bente Riise i Norsk tidsskriftforening tydeleg på at dette var ei dårleg løysing for sektoren totalt sett. Ikkje berre på grunn av det administrative meirarbeidet, men fordi tidsskrifta ganske sikkert ville forsvinne frå bibliotekhyller, spesielt på små stader.

Etter initiativ frå tidsskriftet Vagant, Tidsskriftforeningen og foreininga Tekstallianse i Bergen, er no bedrifta Tekstallmenningen oppretta. Målet er å fungere som fasilitator for tidsskrifta, og ifølgje nettsida «tilby tjenester som distribusjon, abonnementshåndtering, markedsføring og salgsfremmende tiltak (…) og tilrettelegge for relevante kurs, veiledning og nettverk.» Eit førebilete er svenske Nätverkstan. Spesielt innsal til folkebiblioteka vil vere ei viktig avlasting av tidsskrifta.

Samtalar med redaksjonane bekreftar inntrykket av at tiltaket er velkome, men har likevel gjort meg litt tvilande til om porteføljen kan bli så stor at Tekstallmenningen får nok inntekter. Dei tidsskrifta som har ein (del)eigar, som Billedkunst, Samtiden og Prosa, brukar dei administrative systema organisasjonen har for abonnementshandtering og rekneskap. Andre tidsskrift, som Minerva og Norsk Barneblad, har godt innarbeidde system som dei er skeptiske til å bytte ut, gitt at omorganisering alltid inneber meirarbeid. I den andre enden av skalaen finn vi tidsskrift som har få utgjevingar i året, få eller ingen abonnentar, lite laussal og endå mindre økonomi – og dermed lite å delegere, som til dømes Mellom og Beijing Trondheim. Spørsmålet er altså om det finst mange nok tidsskrift mellom desse ytterpunkta.

Nettidsskriftet: på veg mot nisjeavis?

Tidsskriftkritikken har lenge eksistert parallelt med aviskritikken, som eit grundigare, meir fagtungt og ambisiøst alternativ. Ettersom kritikken i dagspressa dekkjer mindre av kunstlivet, har tidsskriftkritikken blitt framheva som endå viktigare. Med større ansvar for den første resepsjonen aukar presset mot aktualitet, og aktualitet er enklare å få til med publisering på nett.

I Kulturtidsskriftene vert det definerande slått fast at «tidsskriftenes tekster i hovudsak ikke er journalistiske og nyhetsorienterte», men også at digitaliseringa gjer redaksjonane meir orienterte mot aktualitet. Denne tendensen er endå tydelegare no – i grunngjevinga for at Vinduet leggjer om til digitalt format, vart til dømes høvet til vere meir dagsaktuell framheva.

Mange kulturtidsskrift som er heilt sentrale på sine kunstfelt, er reine nettidsskrift, som Kunstkritikk, Scenekunst, Ballade, Periskop og Barnebokkritikk. Mindre, men liknande aktørar er ArtScene Trondheim og Subjekt. Alle desse opererer i skjeringspunktet mellom tidsskrift og nettavis. Dei største fungerer som bransjeaviser på sitt felt og har ein stor del av inntektene frå stillingsannonsar og annonser for arrangement. Kritikk er ein viktig del av innhaldet, dei legg stor vekt på aktualitet, og nokre seier rett ut at dei konkurrerer med dagsavisene om å vere først ute med omtalar. Dei har også ambisjon om å setje agenda gjennom kommentarar, kritisk journalistikk og debattinnlegg. Subjekt er tydlegast på dette, dei kallar seg ei nettavis som driv med «kritisk kulturjournalistikk».7)

Utviklinga gjer at området for ordinær pressestøtte og støtte for kritikk og tidsskrift nærmar seg kvarandre. Eit talande døme er Minerva, som er definert som nettavis og får pressestøtte. I redaksjonen på 13 er dei fleste tilsette i heiltids- eller deltidsstillingar. Minerva kjem i tillegg ut som papirtidsskrift fire gongar i året, og denne publikasjonen får støtte frå potten for kritikk og tidsskrift. Dei som betaler for abonnement på nettavisa, får papirtidsskriftet på kjøpet. Ein kan sjå dette som at pressestøtte blir utnytta maksimalt gjennom ein synergieffekt som kjem papirtidsskriftet til gode. Konsekvensen er likevel at skiljet mellom avis og tidsskrift blir utydeleg.

Kulturtidsskriftene åtvarar mot at utviklinga på nett kan utvatne tidsskriftsjangeren, og gir råd om at Kulturrådet bør motverke dette med å lage tydelege kriterium for å kunne få tidsskriftstøtte. Her har Kulturrådet som kjent gått motsett veg: Dei definerer ikkje kva eit tidsskrift er, og sidan støtteordningane for kritikk og tidsskrift etter omlegginga i 2019 er slått saman, kan kritikk for publisering i alle kanalar få støtte frå den potten. I tillegg oppfordrar Kulturrådet sterkt til digital satsing og at ein tek i bruk nye format for å nå ut.

Utviklinga går altså mot at nettpublikasjonane i størst grad tar mål av seg til å fylle tomrommet etter den minkande aviskritikken.8) Der kan ein også utnytte nye plattformer som sosiale medium, podcast og video til å halde på gamle lesarar og nå nye. Men sjølv om dette nok er naudsynt, gitt utviklinga, står eit stort problem igjen: Sjølv om kulturtidsskrift på nett er tilgjengelege for alle (i stor grad også gratis), så når dei ikkje ut til den allmenne offentlegheita på same måte som dags- og vekeaviser.

Det er same problemstilling som i folkebiblioteka: Korleis skal nye lesarar oppdage kunst og kritikk om dei ikkje blir eksponert for nye impulsar der dei «ferdast» til dagleg? Også her kan ein altså snakke om eit distribusjonsproblem, men då ikkje av fysisk og økonomisk art, men av mediestrategisk art: Korleis nå fram i merksemdsøkonomien?

Samtidig er det grunn til å spørje seg korleis flyttinga av tyngdepunktet for kritikken frå avis til tidsskrift og frå papirtidsskrift til nettidsskrift vil påverke kritikken.

Tenke, fort og langsamt

Daniel Kahnemans bok Tenke, fort og langsomt (Pax, 2012) skildrar «sein» tenking som den prosessen der ein ikkje lar seg styre av fordommar og heuristikkar («tommelfingerreglar»), men verkeleg arbeider med å greie ut eit problem og vite korleis ein kjem fram til ei avgjerd. Det er denne typen tenking som gjer tidsskrift og kritikk viktig for kulturlivet, men også til arbeidsintensiv verksemd som det er vanskeleg å gjere lønsam i ein så liten marknad som den norske. Ein viktig jobb for redaktøren er difor ikkje berre å sjølv tenke grundig i planlegging, vurdering og skriving, men å inspirere, oppmuntre, formane og beint fram mase på skribentane om å gjere det same.

Redaktørane for dei nemnde nettidsskrifta legg alle vekt på at dei kan få fram både dei grundige, langtenkte artiklane og dei dagsaktuelle nyheitene og debattane. Og det er sjølvsagt ingen praktiske hindringar for at ein redaktør kan bestille grundige essays med lange tidsfristar og publisere omfattande tekstar på nett.

Basert på eiga erfaring vil eg likevel våge to påstandar: Den eine er at det er vanskeleg å ta seg av både administrative og journalistiske oppgåver i høgt tempo, og samtidig konsentrere seg om lange linjer. I redaksjonar med fleire medlemer kan ein fordele oppgåver og ha ulikt fokus, men mange tidsskriftredaksjonar består av ein eller eit par deltidsstillingar, eller hobbybasert gratisarbeid. Med fare for å idealisere eigen praksis vil eg også påstå at å arbeide med heilskaplege nummer i seg sjølv gir både redaksjonen og lesaren eit anna høve til fordjuping ved å sjå ulike tilnærmingar til eit tema i samanheng.

Samtidig som ein prisar den seine tenkinga, er aktørar som Kulturrådet og Fritt Ord opptekne av å stimulere til nytenking gjennom stipendutlysingane. Tidsskriftredaksjonane skal henge med i utviklinga, ja, helst vere i front. Det er også krevjande øvingar. Å bruke mykje tid på slik «nyskaping» knytt til plattformer og sjanger kan gå utover tida til den seine tenkinga, som heller ikkje er utprega rutineprega i utgangspunktet.

Eg innser at det er naudsynt å utvikle ein nettstrategi, også for kulturtidsskrifta. Ein må berre ikkje tru at dette er noko ein kan gjere utan investering av energi og merksemd, og om ikkje redaksjonane får større ressursar, vil det gå utover noko. Som tid til å tenke langsamt.

Tiltak for å styrkje sektoren

Når ein veit kor mykje arbeid som skal til for å byggje opp eit tidsskrift, er det trist når dei forsvinn. Tre av redaktørane eg har vore i kontakt med, har lagt ned drifta i løpet av dei siste to åra, og éi står i fare for å måtte leggje ned. Det avgjerande var/er om dei får støtte frå Kulturrådet, Fritt Ord eller andre, og i alle tilfella er det snakk om små summar, frå 100 000 kroner og nedover.

Ikkje alle som søkjer støtte kan få, men det er eit memento at ikkje berre kompetanse og erfaring, men også opparbeidde lesarkretsar forsvinn ved nedleggingar. Dette er spesielt uheldig i tilfellet med Nordnorsk Magasin, som hadde eksistert sidan 1978. Då redaktør Hilde Kat. Eriksen måtte setje kroken på døra, hadde magasinet fått stadig mindre støtte over fleire år. Talet på lesarar hadde også gått nedover, men ved nedlegginga hadde publikasjonen framleis 1200 abonnentar, noko som i denne samanhengen eit høgt tal. Redaktøren fortel at ho framleis blir kontakta av skribentar som gjerne vil skrive for henne. Når avisene i landsdelen publiserer mindre kritikk, manglar kritikarane rett og slett medium å skrive for.

På grunnlag av arbeidet med denne teksten har eg nokre forslag til kva som kan styrkje kritikken og kulturtidsskrifta, og det første er direkte inspirert av lagnaden til Nordnorsk Magasin:

Fleire omsyn ved tildeling av støtte: Det viktigaste vurderingskriteriet for tildeling av offentleg støtte er per i dag kvalitet. Eg meiner at også omsyn til geografisk spreiing og kva målgruppe ein rettar seg mot bør vege tungt.

Tendensen går mot spesialiserte tidsskrift som er meint å vere landsdekkjande, spesielt om det er reine nettidsskrift. I praksis er redaksjonane ofte basert i sentrale austlandsstrok. Eg trur det er avgjerande for gjennomslagskrafta til kulturtidsskrifta og kritikken at ein tek vare på mangfaldet av målgrupper. Opplevinga av kvalitet kan variere mellom slike grupper og miljø, og for mange vil kva kritikken og tidsskrifta retter merksemda mot, og om dei kjenner til skribenten, vere vel så viktig som at alle tekstane held høg kvalitet. Dette meiner eg komiteane som fordeler støtte bør ta høgde for ved å leggje fleire kriterium til grunn.

Gratis abonnement til folkebiblioteka: Bortfallet av innkjøpsordninga for tidsskrift har fjerna den forskjellsbehandlinga og den manglande økonomisk tryggleiken som følgde dei skiftande vurderingane til innkjøpskomiteen. Men konsekvensen er at svært få folkebibliotek no har eit godt utval av kulturtidsskrift. Sjølv om Tekstallmenningen skulle ta over innsalet av subsidierte tidsskriftabonnement til folkebiblioteka, er det framleis eit ope spørsmål kor mange bibliotek som er interessert i å bestille, sjølv med 75 prosent rabatt. Det beste kompromisset mellom gamal og ny ordning er at biblioteka kan bestille eit visst tal abonnement på kulturtidsskrift som blir betalt fullt ut av Kulturrådet. Terskelen for å prøve eit abonnement blir låg, og biblioteka kan byggje opp sin ideelle portefølje.

Sampublisering i tidsskrift og avis: Aviser ønskjer ofte kortare kritikkar, men ved at skribenten tilbyr ein kortversjon av tidsskriftkritikk, kan kompetansen i tidsskriftredaksjonane raskt kome avislesarane til gode. Det ideelle er at avisene hyrer inn eigne, høgt kompetente kritikarar, men når økonomien ikkje tillét det, kan eit samarbeid gi meir kritikk i avisene samtidig som kritikarane får høgare honorar og fleire lesarar.

Samarbeid mellom tidsskriftredaksjonane: Somme tidsskrift samarbeider også om å bestille og publisere kritikk. Igjen – det er ikkje ideelt, men betre enn færre publiserte meldingar totalt sett.

Felles innsats for å heve honorarnivået: Å løfte honorarnivået for kritikk og tidsskriftsjournalistikk handlar ikkje berre om å gjere det mogeleg å satse på kritikk og slik halde på kompetanse, men vel så mykje om å gi høgt kompetente medarbeidarar anstendig løn. Minstekrav til honorering av frilansarar i avisene bør, om det er praktisk og juridisk gjennomførbart, innførast som føresetnad for pressestøtte. Den einskilde kritikaren må våge å forhandle ved å vise til Kritikerlagets satsar og kva andre betalar. Det mest effektive er likevel at kritikarar knytt til dei same redaksjonane går saman om å forhandle.

Fellesskap: Eg trur kulturtidsskrifta og kritikken vil lukkast best om vi klarer å invitere lesarane inn i ein fellesskap – der redaktøren og kritikaren er lydhøyre for kva som opptek lesarane, og slik også ser kva nye impulsar det kan vere mogeleg å skape engasjement for i den aktuelle lesargruppa.

Takk til
Rolf Engelsen, Norsk kulturråd; Heidi Bale Amundsen, Norsk kritikarlag; Anne Merethe Prinos, Norsk kritikarlag; Åsne Hagen, Tekstallmenningen; Bente Riise, Norsk tidsskriftforening; Nana Rise-Lynum, styreleiar i Norsk tidsskriforening og redaktør i Norsk Barneblad; Solveig Nygaard Langvad, tidlegare redaktør i Utflukt; Ida Hove Solberg, redaktør i Mellom; Anne Kristine Haugestad, redaktør i Tekstualitet; Maria Horvei, redaktør i Vinduet; Fredrik Rysjedal, redaktør i Numer; Nils August Andresen, redaktør i Minerva; Erna Bøyum, redaktør i Blikk; Christian Kjelstrup, redaktør i Samtiden; Audun Lindholm, redaktør i Vagant; Unn Christensen, tidlegare redaktør i Stemmer; Hilde Kat. Eriksen, tidlegare redaktør i Nordnorsk Magasin; Oda Bhar, redaktør i Periskop; Mariann Enge, redaktør i Kunstkritikk; Guro Kleveland, redaktør i Ballade; Julie Rongved Amundsen, redaktør i Scenekunst; Marit Kristine Flåtter, redaktør i ArtScene Trondheim; Kjetil Røed, redaktør i Billedkunst; Knut M. Tjørstad, redaktør i Beijing Trondheim; Egon Låstad, frilanskritikar og grafisk designar; Ellen Engelstad, frilanskritikar og forlagsredaktør i Manifest.


Kritikkonferansen 2020
Kritikkens betydning i kulturbyen

 

  1. «Sakprosakritikkens svik», Litteraturhuset 8.10.20, var arrangert av Norsk kritikerlag og tidsskriftet Vinduet.

  2. Tore Rem: «Beklagelsens forhistorier og kritikkens ansvar», Vinduet 3/2020. Artikkelen inngår i Kritikerseminarets temabolk: «Kampen om krigen», som erstatta avlyst seminar på Lillehammer.

  3. Kjelde: Rolf Engelsen Kulturrådet.

  4. Red. Paul Bjerke og Lars J. Halvorsen, Fagbokforlaget 2018, s. 132. Rapporten var bestilt av Norsk kulturråd.

  5. Op Cit s. 29

  6. Tidsskriftet Blikk, som gir ut 11 nummer i året, har ei netto utgift på 120 000 kroner i året for å vere til sals på Narvesen, fortalde redaktør Erna Bøyum på Tidsskriftdagen 5. november 2020.

  7. Subjekt.no/om-subjekt/

  8. Therese Bjørneboe, redaktør i Norsk Shakespeare-tidsskrift, uttalte under Tidsskriftdagen (5.11.2020) at hun legger meldingar på nett og prioriterer lengre tekster i papirutgåva. Også Prosa supplerer innhald i papirutgåva med fleire bokmeldingar på nett.